Crossfit-trening på Baldersheim
Ina Bondevik (21) har starta crossfit-trening på Baldersheim. - Det beste er å sjå folk meistra det dei prøver på, seier ho.
Kvar onsdag kveld er det crossfit-trening på Baldersheim. Instruktør er 21 år gamle Ina Bondevik.
Hausten 2014 drog Ina til Bali på Active Education og blei utdanna personleg trenar. No held ho på med bachelorgrad i ernæring.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Crossfit går ut på å ta så mange repetisjonar som mogleg på ei avmålt tid. Til dømes så mange armhevingar du klarer på eitt minutt, forklarer Ina.
Fysioterapeut
Til no har ho vel 20 medlemer, men alle er ikkje med kvar gong. Som oftast er dei berre ti om gongen. Kvar medlem betalar 350 kr for eit halvt år, men det er ikkje dette Ina har lyst til å leva av.
- Det er veldig kjekt, men eg vil anten halda fram med ernæring eller bli fysioterapeut. Det hadde likevel vert veldig kjekt å ha dette ved sida av, fortel Ina.
Trena vekter
Ho byrja å trena alt då ho var 12 år, men det var då frå 16 års-alderen ho byrja å trena med vekter.
- Eg har alltid likt å vera i aktivitet. Sjølv om eg byrja å trena då eg var 12, så gjekk eg mykje på fjellturar før det.
Ina meiner at fleire burde melda seg på crossfit fordi det er god trening, både styrke og kondisjon.
- Du blir mykje meir motivert når du trenar saman med andre, enn viss du trenar åleine.
Motivasjon
Før treningane set Ina opp eit program, der er det klassiske øvingar, som armheving og knebøy. Så er det parøvingar og av og til finn ho på nokre øvingar sjølv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Under treningane viser Ina korleis dei skal gjera dei forskjellige øvingane og ho prøver å motivera deltakarane så godt ho kan. Mellom anna bruker ho høg musikk med mykje rytme.
- Dette er veldig bra for meg òg. Dersom eg har ein dårleg dag der eg normalt sett ikkje hadde trent, så må eg jo uansett stilla her når folk er så gira på trening.
- Men det beste er når eg ser folk som i byrjinga ikkje klarte øvingane, og no meistrar det dei prøver på, og når dei fortel meg kor nøgde dei er, fortel Ina med eit smil.