Utklassa konkurrentane i allround-NM
Sverre Lunde Pedersen hadde 40 sekund til gode på Håvard Bøkko før mil-løpet i Stavanger søndag. Dermed var allround-gullet eigentleg i boks før NMs siste øving.
Sverre Lunde Pedersen starta søndagen i Sørmarka arena med å vinna 1.500 m på tida 1,46,79. Med det var han 2,1 tidel raskare enn andremann, lagkamerat i Fana, Sindre Henriksen.
Laurdag tok Sverre andreplass på 500 m og suveren siger på 5.000 m. På sistnemnde distanse gjekk han i mål til sterke 6,19, og var med det heile 12 sekund raskare enn andremann, Thomas Søfteland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Søndag ettermiddag fekk «Os og Fusaposten» ein kjapp prat med Sverre, før det avgjerande løpet.
Men den sindige osingen ville ikkje ta sigeren på forskot.
- Jaudå. Eg har førti sekund til Håvard Bøkko og etter alle solemerke vil det halda, men eg feirar ingenting før siste løpet er gått. Slik er det berre, humra Sverre.
Han ville førebu seg som vanleg, og hadde ingen planar om å berre loffa av garde i søndagstur-tempo.
- Eg kjem til å gå ut noko lunde roleg. Finna eit passe tempo i 15 rundar, så kjem eg til å tråkka godt til på dei siste rundane. Det er ikkje så ofte eg går 10.000 m, så ein må nesten gå litt på for treningens skuld, sa Sverre.
Vel vitande om at det ville gå litt tid til me fekk prata med han igjen, prøvde «Os og Fusaposten» å finta 23-åringen litt ut på før det siste løpet.
- Korleis kjenst det å endeleg ha fått det etterlengta allroundgullet, Sverre?
- Hehe, etterpå Kenneth. Me får ta det etterpå. Eg har ikkje fått det endå, humra Sverre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fortent NM-gull
Men vel ein halv time etter var allround-gullet i boks. Sverre vann 10.000 m på tida 13,23,78 og var med det vel 16 sekund raskare enn parkamerat Håvard Bøkko.
Etter å ha blitt kåra til årets idrettsutøvar i Bergen fredag, og med NM-gullet rundt halsen søndag kveld, kan osingen no med godt samvet dra heim til Os og litt velfortent juleferie.