Sterk avskjed med Ole Magnar Kvamme
- Mange er i sjokk og treng tid til å fordøya det som har skjedd, sa prest Arvid Tveit i Ole Magnar Kvamme (60) si gravferd i dag, torsdag.
- Han som var ein meister i å vera saman med andre er ikkje her meir, sa Tveit medan stemma brast.
Ole Magnar Kvamme (60) var ein av dei 13 som omkom då eit nordsjøhelikopter styrta på Turøy fredag 29. april.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han hadde vore på jobb for Statoil, på plattformen Gullfaks B, då rotoren løsna og helikopteret styrta.
- Ole Magnar hadde mange vener. Dei næraste er i sjokk no. Og Ole Magnar var ein som mange kjende seg som den næraste til. For han var sånn. Han var nær. Ein uerstatteleg ven, den beste, er borte. Nok eit tap for familien, den empatiske, omsorgsfulle, ukuelege optimisten, som trass mykje motgang bevarte livsvilje og livsmot, er borte. Den sosiale mannen, med det store hjarta. Han som alltid såg menneska rundt seg.
Kameratar på same flight
Då Kvamme mista livet, skulle han heim til familie og vener. Og blant planane til den musikkglade mannen var ein konsert på Madam Felle laurdag som var. Dit skulle han saman med to kameratar. Ein av dei, Lyder Martin Telle, var på same helikopter og omkom også i styrten. I dag var det Telle sin son, Martin Telle, som opna Kvamme si gravferd frå Os kyrkje med songen Hear you me av Jimmy eat world. Linjene; "And if you were with me tonight, I'd sing to you just one more time. A song for a heart so big, God wouldn't let it live." summerer opp mykje av det som seinare vart sagt om Kvamme i minneordet frå presten og kollegaar i Statoil.
Prest i gravferda var Arvid Tveit. Han er pensjonert Nordsjøprest, og gav uttrykk for at det var ei tung oppgåve han hadde fått. Han var tydeleg svært bevega under heile seremonien. Til tider gråtkvalt.
- Å ta avskjed med Ole Magnar ... Det var ikkje mange som hadde tenkt på at det skulle skje. Å halda eit minneord som skal følgja ein kronologi og samtidig teikna eit bilete av Ole Magnar, det går langt over det som denne pensjonerte presten kan makta. Men eg støttar meg til ein av dei eigenskapane som Ole Magnar var kjent for; han leita etter det moglege og stirra seg ikkje blind på problema.
Mista mor si
Kvamme voks opp i Jordmordsvingen i Os. Han vart av alle som tala i gravferda omtala som ein person det var lett å bli glad i. Heilt frå han var liten gut, og til det siste. Han vart minna som ein omsorgsperson. Ein som hadde mange vener og eit stort nettverk og som vart høgt verdsett av alle han vart kjent med gjennom livet. Det vera seg i jobb og privat. Han opplevde sjølv eit stort tap i ung alder, då mora døde brått i 1966, før Kvamme rakk å verta tenåring.
Det tunge skiftet i det som skulle vera ein lukkeleg barndom sat ingen stoppar for hans aktive liv. Han kom ganske langt som keeper for Os turn, og spela på A-laget.
Møtte kona på dans
Mot slutten av 1970-talet møtte han si Helga, på dans på Tysnes. - Der var han ofte saman med kameratar, og han vart tidleg lagt merke til der ute. Han overnatta i telt i ei skråning, men finskoa hadde han ståande ved inngangen til teltet. Ole Magnar var ein ordensmann, det var ingen slinger i valsen med han, mintest presten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han gifta seg med si Helga i 1979. Dei to fekk 25 lukkelege år og tre born saman, Anna, Ole Harald og Gustav. Familien hadde hytte på Malkenes på Tysnes og levde eit aktivt liv. Kvamme var ivrig med å følgja opp ungane i friperiodane sine frå Nordsjøen. Mellom anna var han fotballtrenar.
Men i 2004 opplevde han sitt livs andre brå og store tap, då han mista kona Helga etter kort tids sjukdom.
- Han og ungane fekk grunnmuren i livet sitt rive bort, slik han sjølv hadde opplevt saman med far og søster si då han var ung, sa Tveit.
Igjen fekk Kvamme bruk for eigenskapen med å sjå løysingar og ikkje problem.
Behandla folk som folk
- Han behandla folk som folk og ikkje etter status. Han hadde alltid kontantar i lomma. For det kunne jo vera at han møtte nokon som trong dei, fortalte presten.
Kvamme vart også minna som avstressande.
- Hadde alle menneske vore som han ville verda vore ein fantastisk plass med fred, harmoni og lite stress, sa prest Tveit.
Han fortalte vidare om ein mann som heile sitt liv var glad i naturen og som mellom anna dreiv aktivt med maratonløping.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg las i avisa at han hadde slitt ut fleire tredemøller på Statfjord, fortalte Tveit.
Han var også ein dyktig, kunnskapsrik og målbevisst fagmann.
Noko som gjekk igjen gjennom alle talane om Kvamme var at han var glad i menneske, ein god leiar, lett å bli glad i og ein god samtalepartnar. - Mange treng tid og konsentrasjon no for å koma over saknet, sa Tveit.
Ei av dei verste ulukkene
Etter presten sin minnetale heldt ein tydeleg og sterkt bevega sjef, Rune Opheim frå Statoil, minneord på vegner av verksemda.
- Dette er ei av dei verste ulukkene i norsk oljehistorie, og mange familiar er ramma, sa han.
Han teikna også eit bilete av ein svært godt likt og god kollega, med brei erfaring og sterk fagkunnskap.
- Det blir eit stort tomrom etter Ole Magnar, både fagleg og som menneske.
Leiar i Statoil si fagforeining SAFE, Terje Enes, heldt også minneord.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det verst tenkjelege med helikoptertransport skjedde fredag 29. april. Slikt skal ikkje skje. No må vi få fram alle bakanforliggjande årsaker, slik at dette ikkje skjer igjen, sa han mellom anna.
Han møtte Kvamme ved fleire høve, og minna han på same måte som dei andre - som ein som var svært lett å lika.
- Har du det fint med farmor?
- Han var ein snill og god pappa og god bestefar. Det var gildt då han fekk oppleva sydenferie med tre generasjonar, der han var eldste, fortalte presten under minnetalen.
Tveit var gråtkvalt då han avslutta med helsingar frå barneborna:
- Eg saknar deg bestefar. - Eg elskar deg for alltid og evighet.
- Har du det fint med farmor?
Etter at Tveit hadde lese opp helsingane på sløyfene til bårebukettane avslutta han med å lysa fred over minnet av ein bauta som no er borte.
- Livet er langt, lykken er kort, salig er den der tør give det bort, song Eirik Søfteland.