Sokneprest i Fusa kommune, Einar Ekerhovd, er klar på at han ikkje kjem til å via likekjønna.
Sokneprest i Fusa kommune, Einar Ekerhovd, er klar på at han ikkje kjem til å via likekjønna.

Seier ja til reservasjonsrett

Sokneprestane i Os og Fusa meiner ein må ivareta prestars integritet og tillata reservasjonsrett mot viing av likekjønna.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Som følgje av haustens kyrkjeval er det mykje som tyder på at det på Kyrkjemøtet i 2016 vert vedteke ny liturgi for viing av likekjønna.

I kjølvatnet av dette vert det no over det ganske land heftig debattert kor vidt prestar bør få reservera seg mot å via to personar av same kjønn.

Sokneprestane i Os og Fusa, Margrethe Holmboe Askeland (Os) og Einar Ekerhovd (Fusa) er tydeleg i sine svar.

Sokneprest i Os kommune, Margrethe Holmboe Askeland vil først sjå den nye liturgien før ho svarar på om ho vil reservera seg mot å via likekjønna.
Sokneprest i Os kommune, Margrethe Holmboe Askeland vil først sjå den nye liturgien før ho svarar på om ho vil reservera seg mot å via likekjønna.
Bodil Duesund (pensjonert lærar)- Ja, prestar må få reservera seg. Dei må få sleppa å gå på akkord med sin eigen tru og samvet. Sjølv meiner eg likekjønna må få gifta seg i kyrkja.
Bodil Duesund (pensjonert lærar)- Ja, prestar må få reservera seg. Dei må få sleppa å gå på akkord med sin eigen tru og samvet. Sjølv meiner eg likekjønna må få gifta seg i kyrkja.
Guri Bugge (frisør)- Nei, kvifor skal dei få dei det. Alle som vil gifta seg i kyrkja må få lov til det. Dersom loven no vert endra må prestane ta følgje av det. Eg er for ein inkluderande kyrkje.
Guri Bugge (frisør)- Nei, kvifor skal dei få dei det. Alle som vil gifta seg i kyrkja må få lov til det. Dersom loven no vert endra må prestane ta følgje av det. Eg er for ein inkluderande kyrkje.
Rune Rosvoll (tippekiosk-driftar)- Ja, dei må få reservera seg. Dei skal ikkje pressast til å gjera noko dei ikkje er vel med og som går mot deira eiga overtyding. Men sjølv meiner eg likekjønna må få gifta seg i kyrkja.

Bente Strønen (Butikkmedarbeidar Baretti)- Vanskeleg spørsmål. Nei, prestane må få gjera som dei ønskjer. Det er vel ingen som vil gifta seg framfor ein prest som helst ikkje vil via dei. Likekjønna må få gifta seg i kyrkja, men då for ein prest som av eigen vilje vil via dei.

Lena Moe Danielsn (rådgjevar Sparebanken Vest)- Ja, prestar må få reservera seg dersom dei ikkje er vel med å via homofile og lesbiske. Sjølv meiner eg så absolutt at likekjønna skal få gifta seg i kyrkja.

Holmboe Askeland meiner prestar må få sleppa å gå på akkord med eigne standpunkt.

- Ja, eg meiner prestar bør få reservera seg mot å via likekjønna, på lik linje med at dei kan reservera seg mot å via folk som har vore gift tidlegare. Eg er redd det vil vera mange prestar som vil måtta slutta i yrket sitt dersom dei blir tvunge til å gjera noko som strider mot bibelsynet og deira eiga overtyding om kva som er rett og galt. Ein kvar prest må få ivareta sin eigen integritet, og sleppa å gå på akkord med sine eigne standpunkt.

- Du er ikkje redd det kan føra til at likekjønna dermed ikkje får gifta seg i sin eigen heimkommune? I Os er de tre prestar. Kva om alle reserverer seg?

- Jo, det kan bli ein konsekvens. Ein kan fort oppleva at folk må ut av bygda si for å via seg, men eg er likevel overtydd om at prestanes integritet er viktigast.

- Vil du sjølv reservera deg mot å via likekjønna?

Artikkelen held fram under annonsen.

Før eg svarer på det, vil eg først sjå ordlyden i den nye liturgien. Eg vil ikkje ta stilling til ein liturgi som eg ikkje har sett. Elles må eg få nemna at eg alltid har støtta partnarskapslova fordi den gjev same rettar rundt samlivet som ekteskap. Men når det kjem til ekteskap mellom to likekjønna i kyrkja, synest eg det vert komplisert. Litt fordi ein då viskar ut kjønnspolariteten, men mest av alt fordi eg sjølv ser på ekteskapet som noko som skal inngåast mellom ein mann og ei kvinne.

Når det vert ein ny ekteskaps-litturgi, ser eg for meg at det vert ein ekstra - at me får ein for likekjønna og ein for heterofile.

Vil ikkje via likekjønna

Sokneprest i Fusa kommune, Einar Ekerhovd, er til liks med soknepresten i Os klar på at prestar må få reservera seg mot å via likekjønna. På spørsmålet om han sjølv vil gjera det, er han klokkeklar.

- Heilt klart ja. Ifølgje dagens ekteskapslov har prestar lov til å resservera seg mot å via skilte og likekjønna. Slik må det vera også i framtida. Prestar bør ikkje pressast til å gjera noko som går imot deira eiga overtyding.

- Vil du sjølv reservera deg mot å via likekjønna?

- Absolutt ja. Eg står for det fundamentale og grunnleggjande bibelske synet der det heiter seg at eit ekteskap er ei pakt som skal inngåast mellom ein mann og ei kvinne. At dette står i bibelen, er dei fleste i denne debatten samde om. Det folk debatterer er korleis ein skal tolka og anvenda den bibelske teksten i dagens samfunn. Nokon vrir og vender på han. Det liker eg ikkje. Slik ein held på i dag tømer ein omgrepa for substans, og fyller dei med noko anna. På denne måten vert den bibelske læra heilt utvatna.

- Du er ikkje redd det kan føra til at likekjønna dermed ikkje får gifta seg i sin eigen heimkommune? I Fusa er det berre ein prest. Det er deg.

- To likekjønna får ikkje vigsel i kyrkja med meg som prest. Men eg trur ikkje akkurat at det er eit rush av homofile og lesbiske i Fusa som ventar på å gifta seg i heimkommunen. Dei det gjeld må i så tilfelle finna seg ein annan plass å gifta seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem om reservasjonsrett:

- Bør prestar få reservera seg mot å via likekjønna?