Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet går godt i hop i formannskapet. Det vart mellom anna synleg i flyktningesaka.
Miljøpartiet Dei Grøne og Arbeidarpartiet går godt i hop i formannskapet. Det vart mellom anna synleg i flyktningesaka.

- Ei moralsk plikt å gjera ein solid innsats

Det sa Nils-Anders Nøttseter (MDG) etter å ha føreslått at Os kommune bør utgreia å ta i mot 65, 90 eller 130 asylsøkjarar årleg. Fleirtalet ville det annleis.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

På tampen av november kom IMDI med ei fersk oppmoding til landets kommunar om å ta del i flyktningdugnaden i lys av den store bølgja innvandrarar som er kome til landet i haust. I anmodninga frå IMDi vart Os beden om å ta imot 65 i 2016 og 75 i 2017 - inkludert 20 einslege mindreårige. I august sende Fylkesmannen oppmoding til kommunen om å ta i mot 45 og 40 flyktningar dei same åra, og det er dette talet kommunen har rekna på.

Kommunalsjefen "alvorleg bekymra"

Som svar på den siste utfordringa frå IMDI hadde kommunalsjef Nils-Petter Borge formulert eit notat til formannskapet. Her gav han uttrykk for at det siste talet frå IMDI var større enn tenesta kan greia å svelgja på så kort tid.

- Eg er alvorleg bekymra for tenesteproduksjonen både internt i flyktningtenesta, men også i resten av hjelpeapparatet dersom me følgjer fylkesmannen si oppmoding, skriv Borge.

Han la til at dei 20 einslege mindreårige vil vera ei tilleggsutfordring som tenesta per i dag ikkje har kompetanse til å ta i mot.

- Å ta i mot 20 einslege mindreårige vil medføra eit heilt anna regime på busetjing og integrering enn det me har i dag. Desse vil ha behov for eigne bufellesskap med personale på døgnbasis. Dette tek tid å byggja opp, og me ser for oss ei gradvis tilnærming til oppbygging av ei slik teneste, skriv Borge.

Frp/H gjekk for augusttala

Terje Søviknes hadde vore oppe til seint på natt og formulert Frp/H sitt framlegg til vedtak, som vart framført av Marie Bruarøy. Der vart det føreslått at Os kommune vert ståande på å ta i mot 45 flyktningar i 2016 og 17, og 40 i 2018 og 19, eller til saman 170 personar på fire år. Som Borge, la Frp/H til at det ikkje er kapasitet til å busetja dei einslege mindreårige.

Dei bad vidare administrasjonen om å utarbeida ein ny bustadstrategi knytt til mottaket av flyktningar i perioden. Moment som kva kapasitet kommunen har i eigen bustadmasse, kva ombygging som kan vera mogleg, kva kapasitet den private leigemarknaden har, og kva utvikling ein kan sjå for seg av nye prosjekt tilpassa målgruppa, var ein del av bestillinga. Dei ulike tiltaka skal kostnadsreknast og prioriterast i samsvar med framdrift av busetjinga i perioden fram til 2019.

MDGs alternative forslag

Miljøpartiet Dei Grøne føreslo hadde ein meir omfattande strategi. Dei kom med eit oversendingsforslag til administrasjonen som del av deira førebuande arbeid i fire punkt: * Rådmannen skal utarbeida alternative budsjett for 65, 90 og 130 asylsøkjarar

Artikkelen held fram under annonsen.

* Alternative budsjett bør rekna med "stordriftsfordelar", ikkje berre vera lineære kostnadsauker.

* Rådmannen skal kartlegga om og kor det er areal som kan disponerast for rask utbygging av bustader for flyktningar. Denne utbygginga bør truleg gjerast i samarbeid med private utbyggarar, til dømes etter Hamarøy-modellen.

* Rådmannen skal utgreia korleis situasjonen vil påverkast om ein buset fleire flyktningar enn tilrådinga frå IMDi og såleis får ta del i den nye statlege potten for kommunar som gjer dette.

Deretter føreslo dei som alternativ til Frp/H sitt framlegg, å følgja IMDI sitt råd om å ta i mot 65 flyktningar.

- Det er ei moralsk plikt å gjera ein solid innsats på dette feltet, sa Nøttseter. Han la til at Noreg er svært god på integrering - ifølgje forskarar er Noreg på delt 4. plass internasjonalt kva gjeld integrering.

- Og dersom me ikkje skal gjera ein solid innsats på dette feltet, kva er alternativet? Skal me la dei som er dårlege på integrering ta hand om dette? Det uroar meg litt, sa Nøttseter.

Han fekk støtte frå Tone Hepsøe (Ap), som sa at dersom me seier nei til IMDIs forslag, tyder det at ein annan kommune må ta meir.

- Me er gode fordi me er restriktive

Eirik Andre Hesthammar (Frp) og Terje Søviknes svarte at grunnen til at både Noreg og Os har vore gode på integrering er at me har vore relativt strenge når det gjeld innvandring, og såleis har kunne takla det.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er dokumentert at over 50 prosent av det samla sosialhjelpsbudsjettet er knytt til menneske med innvandrarbakgrunn, medan andelen innbyggjarar med innvandrarbakgrunn er langt lågare.

Nils-Anders Nøttseter sa at det finst annan statistikk enn den Søviknes la til grunn. Tone Hepsøe sa at ein må slutta å sjå innvandrarane berre som eit tal. Jon Sivert Rykkel gav si støtte til at ein bør endra retorikken litt på dette feltet.

Då det kom til røystinga, valde Venstre å gå i lag med budsjettkameratane Frp og H i saka. Miljøpartiet dei grøne sitt alternative framlegg fekk tre røyster (2Ap, 1MDG) og fall.