Vil utvida - igjen
Formalitetar gjenstår før arbeidet med utviding av Europris-bygget kan ta til.
- Nei, me blir aldri ferdige med å utvida. Når me trur me er ferdige, startar me på noko nytt. Det er vel uansett positivt for bygda at me vidareutviklar området, tenkjer eg, smiler Solveig Oksholm Hunhammer.
Nye leigetakarar i andreetasje
Huhammer er utleigeansvarleg i AMFI Os, og Eurpris-bygget er eigd av Amfi Eiendom AS.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Om formalitetane går i orden, slik me håpar og trur, satsar me på oppstart våren 2016. Bygget vert utvida, og Europris vil få heile butikken på eitt plan i 1. etasje, seier Hunhammer og held fram:
- Andreetasje vert bygd om, og trappa mellom etasjane skal fjernast.
AMFI Os er i dialog med potensielle leigetakarar i andreetasje, men av ulike årsaker, vert det ikkje inngått leigekontrakt før formalitetane er i orden.
Bygget skal utvidast i retning parkeringsplassen utanfor hovudinngangen til AMFI Os, der det i dag står konteinarar.