Fekk ikkje gjennom lokale miljøpålegg
Miljøpartiet Dei Grøne ønskte miljørekneskap over ureining frå Os Aeroklubb sine fly, samt meir miljøvenlege kunstgrasbanar som vilkår for kommunale garantiar.
Ei rekkje saker der kommunen var beden om å stilla kommunal garanti for diverse lånefinansierte prosjekt starta av lokale foreiningar og lag, stod på agendaen for formannskapet tysdag. Nils-Anders Nøttseter (MDG) meinte det var eit gyldent høve for politikarane til å setja nokre vilkår som etter hans syn ville føra bygda i ei meir miljøvenleg retning.
- Flyging ikkje bra for miljøet
Blant anna søkte Os Aeroklubb om kommunal garanti for låneopptak knytt til ein ny hangar dei ønskjer å byggja på Ulven. Nøttseter tok straks ordet og la for dagen eit miljøpolitisk dilemma knytt til saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Fritidsflyging er jo ikkje det beste klimatiltaket. Men samtidig er det eit godt fritidstilbod. Då må ein tenkja litt over saka. Eg har kome fram til at eg har lyst til å stø tiltaket, men eg føreslår at Os Aeroklubb skal produsera ein klimarapport og gje til oss, sa Nøttseter.
Han viste til nye retningsliner som krev at alle kommunar skal måla sine lokale miljøutslepp, og at det i så måte var bra å ha oversikt over kva miljøbelastning ulike saker kommunen stør utgjer.
- Byråkrati og særbehandling
Nøttseter fekk motbør frå Frp, som bl.a. peikte på at noko slikt ville vera å påleggja folk meir rapportering og byråkrati.
- Det er utslepp forbunde med alle idrettar. Tenk berre på utsleppa frå dei store idrettslaga som køyrer til og frå ein kamparena til dømes. Eg kan ikkje sjå nokon god grunn til at nettopp denne idretten skal særbehandlast, sa Søviknes. Han meinte at Os Aeroklubb representerer ei breidde i idrettslivet i Os, som var vel verd å stø opp under.
Nøttseter svarte at han ikkje hadde tenkt å føreslå klimarapportering i stor skala, men ein enkel rapport. Han argumenterte med at utslepp frå fly - særleg når dei landar og tek av - er betydeleg større enn i andre idrettar.
Fekk ikkje opposisjonen med seg
Harald Døsen (Ap) meinte at kommunen bør vera konsekvent om noko slikt skulle innførast, og ikkje peika ut Os Aeroklubb spesielt.
Jon Sivert Rykkel (V) tok same lina, og peikte på at eit framlegg som det MDG føreslo, kunne skapa presedens.
- Nyleg hadde me oppe ei sak om støtte til MC-klubben, og då var ikkje noko slikt oppe. Så ein må ha ein litt meir heilskapleg og prinsipiell haldning til dette, sa Rykkel.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men skal ein bli bevisst over dei lokale klimakostnadene, så må ein jo ein gong begynna. MDG er kanskje litt meir ambisiøse enn Venstre på dette feltet, parerte Nøttseter.
- Ikkje sitér det, ikkje sitér det, sa Rykkel til lokalpressa og til latter frå salen.
Deretter vart det vedteke å gje kommunal garanti til hangaren, utan noko miljørekneskap som vilkår.
Miljøfarlege kunstgrasbanar
Like etter kom ei tilsvarande sak på agendaen, denne gongen gjaldt det garanti for ein ny kunstgrasbane på Halhjem. Igjen tok MDG sin mann ordet.
- Eg skal vera vanskeleg her òg. Eg skal vedgå at eg har støtta ein tilsvarande bane på Nore Neset, men det har kome meg for øyra at eg ikkje var tilstrekkeleg informert. Eg trudde at miljøproblemet med granulat på kunstgrasbanar stort sett var løyst, men no høyrer eg at det ikkje er tilfelle, sa Nøttseter.
Han hadde kontakta ein spesialist på handtering av spesialavfall i Miljødirektoratet, og fått stadfesta at særleg spreiing frå bane til naturmiljø var eit problem - t.d. elver i nærleiken av banane.
Han føreslo difor eit tilleggspunkt til vilkåra for å stilla kommunal garanti: "Det skal utarbeidast ein miljøplan for val av granulat, og handsaming av spesialavfall".
- Det er ikkje heilt utan miljøkostnad når ein må etterfylla ein kunstgrasbane med tonnevis med oppmalte bildekk. Men det finst miljøvenlege alternativ, sa Nøttseter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Harald Døsen (Ap) svarte at prisskilnaden var ganske stor mellom dei miljøvenlege typane granulat og dei mindre miljøvenlege.
- Dersom me går inn for at dei må velja den dyre varianten kan det råka idrettslivet negativt. Det kan føra til at det blir mindre aktivitet, sa Døsen.
Sterk usemje
Eirik André Hesthamar (Frp) var svært ueining i framlegget frå Nøttseter.
- Eg synest det er heilt feil i samband med ein sak om kommunal garanti, velja ut eit heilt tilfeldig idrettslag og gje dei ein ekstra belastning. Eg tenkjer at me må halda oss til nasjonale føringar, og det gjer me i dag. Me har dessutan ein idrettskonsulent som er oppdatert på alt som har med kunstgras å gjera, sa Hesthamar
- Me har ein annan moglegheit også, repliserte Harald Døsen. - Me kan seia at alle som eig ein kunstgrasbane skal gje ein slik rapport, sa Døsen.
- Så lenge gummigranulat er godkjent av nasjonale styresmakter, så får det vera godt nok, svarte Marie Bruarøy (H).
Rykkels kompromiss
Jon Sivert Rykkel kom deretter med eit kompromissforslag som fleire kunne stilla seg bak.
- Det er meir naturleg at kommunen gjer eit arbeid i forkant, og ser på kva granulat som er best å bruka. Men at Søre Neset Idrettslag skal gjera det åleine, ser eg ikkje poenget i, sa Rykkel, og sette fram følgjande framlegg til tilleggspunkt: "Administrasjonen vert pålagt å bevisstgjera alle aktørar som har kunstgrasbanar om spesialavfall og potensielle miljøproblem".
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter dette trekte Nils-Anders Nøttseter MDG sitt framlegg, og signaliserte at han ville stilla seg bak Venstre sitt framlegg.
Ordførar Terje Søviknes innvende at alle er pålagt å følgja eit nasjonalt regelverk på dette feltet, så det var ikkje naudsynt med eit ekstra lokalt regelverk.
- Eg har meir tru på dialog og råd. Og det har me alt i dag gjennom det samspelet kommunen her med idrettslaga i Os idrettsråd, sa Søviknes.
Leonsen på saka
Idrettskonsulent Tom Leonsen ville ikkje gå inn i diskusjonen om miljøvenleg og ikkje miljøvenleg gummigranulat, men kunne stadfesta at han jamleg gjev råd til idrettslag om handtering av spesialavfall frå kunstgrasbanar.
- Eg trur me klarer dette med dei ressursane me no har. Me har kompetanse til å hjelpa idrettslaga når det gjeld påfylling av granulat, sa Leonsen.
- Me har akkurat skifta ut åtte kunstgrasbanar i Os kommune i samarbeid med velforeiningane. Då blei dei gamle mattene kjeldesortert på ein koordinert måte gjennom Leonsen, la Hesthamar til.
V, MDG og Ap stod likevel fast på at det kunne vera greitt å vedtaksfesta dette, og røysta for tilleggspunktet frå Rykkel. Det var ikkje nok til å få gjennomslag. Den kommunale garantien vart deretter vedteken.