Bli med og halda Bjørnefjorden rein!
Til helga går startskotet for ein storstilt aksjon der alle osingar og fusingar blir inviterte med på søppelplukke-dugnad i fjæra. - Me kan ikkje ha det slik at fuglar og dyr lir pga. vår ureining, seier ordførar Atle Kvåle.
Februarsola kastar sine stråler på Eikelandsosen, og ein bunke taustumpar og ei plasttrakt som har funne vegen inn i fjæresteinane. Ordførar Atle Kvåle har med seg innsamlingsposen og plukkar dei oppi avfallsposen.
- I kjølvatnet av tragedien med kvalen som stranda på Sotra, vil eg ta initiativ til at me held fjorden vår fri frå søppel, seier Kvåle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så snart ideen var unnfanga tok han kontakt med ordførarane i Os, Tysnes og Samnanger som alle tente på idéen.
- Slikt materiale som dette vert ikkje brote ned i naturen. Når skaden først er skjedd, så må me gå ut og plukka. Det er ekstremt viktig med dei private sitt ansvar i dette, seier Kvåle.
Storaksjon 18. og 19. februar
Marie Bruarøy var ikkje vond å be då Kvåle bad om eit felles framstøyt frå kommunane kring fjorden.
- Eg har for vane å gå og plukka med meg boss som folk har slengt frå seg når eg er ute og går tur. Det er ikkje noko kjekt å gå og leita etter krabbar med ungane når du finn enorme mengder taustumpar på stranda, seier ho.
Startskotet for den lokale innsamlingsaksjonen går no førstkomande laurdag 18. februar. Bruarøy blir sjølv med i dugnadsgjengen på laurdag og oppfordrar fleire til å gjera det same.
- Me vonar at alle blir med og plukka no til helga. Lokale lag og organisasjonar, privatpersonar, kommunalt tilsette og politikarar, seier Bruarøy.
Tilsvarande aksjonar finn stad i Samnanger og på Tysnes.
Her kan du levera boset
Mette Nygård Havre hjå BIR er veldig glad for initiativet som no kjem lokalt. Dei stiller på si side med gratis strandryddesekkar som ein kan få på dei lokale gjenvinninsstasjonane, og set dessutan ut ei rekkje kontainerar ved populære strender:
Artikkelen held fram under annonsen.
1. Bruarøy (ved det eksisterande returpunktet)
2. Buena i Lysefjorden
3. Halhjem kai
4. Osøyro
5. Ervikane
I Fusa vert det sett ut tre dunkar. Plasseringane er ikkje heilt avklara enno, men dei vil dekkja tre sentrale område i kommunen:
1. Søre delen av Fusa, Baldersheim-området
2. Fusahalvøya: Vinnes eller Strandvik
Artikkelen held fram under annonsen.
3. Eikelandsosen
- Folk kan sjølvsagt gå og plukka søppel kva tid dei vil, men det er jo ein fordel om så mange som mogleg kan delta no i helga når me har utplassert desse dunkane, seier Havre.
Ta instabilde og tag med #plastosogfusa og vinn premie
Dersom du er i aksjon alt, eller blir med til helga, ta gjerne bilde av dei som er med, oglegg ut på instagram med taggen #plastosogfusa. Lokalavisa kjem til å fylla ei side med dei beste bileta i ei komande avis. Delta og bli med i trekninga av 10 flax-lodd.