Elefanten er ute av sekken
Fins det faktisk ein elefant som gøymer seg i barnehagen? I Kuvågen barnehage er ungane jammen ikkje heilt sikre. For i dag lanserer Samlaget styraren deira, Bjørn T. Bøe, si første bok. Og den handlar nettopp om elefanten i deira barnehage. Den ingen enno har sett.
- Vi må bruka lim!
- Nei, vi grev eit hol i bakken!
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, men det var jo min idé! Men eg trur òg at vi kan lura elefanten!
Forslaga til dei beste elefantfellene haglar frå ungane i førskulegruppa i Kuvågen barnehage. Dei er nærast for avanserte elefantjegerar å rekne alt.
Inspirert av røynda
Os og Fusaposten har vore så heldige å få bli invitert med i førskulegruppa denne dagen, og vi har nett fått lese høgt for oss ei bok fleire av ungane har gledd seg stort til. Nemleg boka dei sjølve har vore rådgjevarar for under vegs i prosessen. Og som faktisk handlar om den elefanten som held til nettopp i deira barnehage, berre at dei enno ikkje har klart å fanga han.
- Eg liker å seia at boka er inspirert av ei historie frå røynda, seier Bjørn T. Bøe med eit skeivt smil.
Den ferske barnebokforfattaren har jobba ti år i barnehage, og er i dag styrar i nettopp Kuvågen Barnehage.
- Det er sagt at ein bør skriva om det ein kan, og etter ti år i barnehage, så får eg utan tvil mykje gratis som inspirasjon til både historia og illustrasjonane mine, seier han.
Illustrerte sjølv
For Bøe har ikkje berre forfatta teksten i boka. Han har også teikna sine eigne illustrasjonar.
Ein enkel, nesten karikert, men lekker strek, som alle som har besøkt ein barnehage kjenner seg igjen i. Bjørn har teikna strekteikningar, men forlaget ønskte sjølv å fargeleggja dei, så det er det designaren av boka, Sam Klein, som har gjort. Han står for formgjeving og fargelegging.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Korleis har det seg at du enda opp med å illustrera sjølv?
- Eg såg veldig klårt for meg korleis figurane skulle vera, og syns det var ganske gøy å få gjera det sjølv.
Men ikkje berre gøy heile tida.
- Resultatet er blitt ganske annleis enn manuset eg hadde laga til førsteutkastet. Vi har brukt omlag to år på dette prosjektet og undervegs hadde eg periodar der eg var utruleg lei og berre opplevde alt som vanskeleg og tungt.
Gullbilletten
Då var det godt å kjenna andre meir erfarne i faget.
- Eg har snakka mykje med Bente Bratlund undervegs i arbeidet, og fått innspel, råd og gode ord frå henne, fortel Bøe.
Det er særleg ein episode han hugsar godt, då ho løfta han opp av det berømte svarte holet.
- Helst vil eg ha alt heilt perfekt, men sånn blir det jo aldri. Til slutt hadde eg mest lyst å gje opp alt og be Samlaget finna ein annan illustratør.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var då Bratlund sa akkurat det han trong høyra nett då.
- Bente sa: "Du må hugsa du har fått gullbilletten til sjokoladefabrikken no. Den må du bruka no når du kan." Dei orda tenkte eg mykje på i arbeidet vidare.
Speeddata forlaget
Dermed kom han seg gjennom det tunge. Heldigvis, for no er boka endeleg ferdig og torsdag denne veka vert ho lansert av Samlaget, som har hatt trua på ho frå fyrste stund.
- Korleis har det seg at du i det heile kom i kontakt med Samlaget om denne boka?
- Eg har ein tidlegare kollega som lenge har hatt liggande eit manus til ei barnebok. Dette ville ho at eg skulle illustrera.
Bjørn har ingen spesiell bakgrunn frå kunst og teikning, anna enn at han i alle år har likt å teikna og at han i ungdommen fekk publisert ein teikneserie i Os og Fusaposten og ein annan gong vann ein teiknekonkurranse i regi av same lokalavisa.
- Men eg har jo teikna mykje med ungane i barnehagen då.
Slik var det kollegaen hadde plukka opp at han har ein god strek.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjørn brukte to år på å illustrera kollegaen si historie.
- Så bad ho meg ein dag å bli med til Litteraturhuset i Bergen, der dei skulle arrangera ein slags speeddate med Samlaget som var på jakt etter nye stemmer.
- Grip sjansen
Kven som helst kunne dukka opp, og det var nett det Bjørn og kollegaen bestemte seg for å gjera. Dessverre hadde dei nettopp publisert ei bok med mykje same tema som hennar historie, men dei spurte om dei to ikkje hadde noko anna å vise fram.
- Joooo, eg har jo det då, sa eg. Så drog eg opp teikneblokka mi og viste fram manuset til elefantboka eg hadde drodla litt over.
Representanten frå Samlaget, Ragnfrid Trohaug, vart i følgje Bjørn så begeistra at no nærast kjøpte ideen på dagen.
- Korleis tok kollegaen din dette då?
- Ho har berre vore støttande heile vegen og sa "Det er klart du må gripa denne sjansen". Eg hadde aldri vore der og møtt dei i det heile om det ikkje var for henne, så eg er veldig takksam, seier han.
Spent forfattar
Etter speeddaten brukte Bjørn og redaktøren hans i Samlaget nesten to år på å jobba vidare med førsteutkastet. Siste manusutkastet leverte han i mai i fjor, og dei siste teikningane i august.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi har vore gjennom mange versjonar og tallause endringar før vi kom fram til det resultatet vi har her, seier han og held opp den grøne framsida av boka si.
- Korleis er det å endeleg sitja med den i hendene?
- Det er jo mi bok og mitt namn på coveret. Men elles? Det kjenns ...
Bøe tyggjer litt på det. Leiter etter rette orda.
- Ikkje eigentleg skremmande, men likevel. Det engelske uttrykket "daunting" passar kanskje?
Daunting tyder i følje ordboka noko slikt som skremmande, avskrekkande, nedslåande eller beklemt.
- Eg har jo aldri gjort dette før og veit ingen ting om kva eg kan forventa. Korleis blir boka motteken? Kva tilbakemeldingar vil eg få? Korleis blir dette?
Anbefalt alt før lansering
Etter ein to år lang prosess kjenner den nybakte barnebokforfattaren at karusellen brått byrja spinna veldig raskt då boka vart raskare ferdig frå trykkeriet enn forventa, og Samlaget, som er klare til å satsa på boka hans, ønskte å flytta sleppdatoen fram to veker.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei ville ha det til å passa med Barnehagedagen 1. mars, som har "Les høgt for oss" som tema i år. Det kunne ikkje stemt betre, for plutseleg hadde boka mi fått plass på lista til nynorsksenteret over boktips til høgtlesing den dagen, som den første på lista.
"Ei humoristisk og spennande bok", skriv nynorsksenteret i anbefalinga si, som vart lagt ut på nett alt 12. februar. I tillegg var barnebokkritikar i Aftenposten, Morten Olsen Haugen aka bokmorten, tidleg ute med ein kortversjon av bokomtale på Twitter og Instagram. Hans melding lyder slik: "Lur enkelhet og detaljrikdom (!!)".
- Fantastisk gøy! Det kom verkeleg heilt ut av det blå for meg, men kjennest veldig bra, seier Bjørn.
Vil skriva meir
Han håper boka slår an ute blant resten av barnebokpublikummet også.
- Eg veit forlaget har store planar for denne boka, så eg håper det går bra og at eg dermed kan få gjera meir av dette. Det har eg veldig lyst til.
Det er fleire som også håper han får gjera meir. For Peter i førskulegruppa i Kuvågen barnehage kan nesten ikkje venta til Bjørn si dinosaurbok kjem.
- Dinosaurboka! Eg venter på den boka om dinosauren. Når skal vi få høyra den, seier han fleire gonger under samlinga.
- Ja, eg har laga eit nytt manus, og diskutert det også med reasearch-panelet mitt her i barnehagen, fortel Bøe med eit lurt smil.
Elefantboka vart også flittig diskutert i barnehagen før ho var ferdig. Historia er til og med henta frå barnehagen.
Om røynd og dikting
- Det ér faktisk ein elefant her, men vi har ikkje funne han enno, ler Bjørn.
Den sanne historia frå røynda er litt annleis enn bokversjonen, der det er hovudkarakteren Maren som er sikker på at der er ein elefant i barnehagen, og som ivrar for både jakt og feller. I den verkelege versjonen av historia var det Bjørn sjølv som lanserte elefantteorien, og som fekk ungane med på jakt. Medan barnehagetilsette Bernt i boka er meir treg til å få med på ideen.
- Eg har mykje inspirasjon å ta av her, men figurane er ikkje basert på ekte born. Ikkje dei vaksne heller.
Men han kan fortelja at han har faktisk hatt ein modell for teikningane av karakteren Bernt i boka. Berre at modellen ikkje veit det sjølv.
- Det er ikkje deg altså? Eg syntest det likna litt.
- Nei, det er ikkje meg. Men vi liknar kanskje litt, for eg har brukt min fetter Ole Henning Bøe, verdsmeisteren i post, som modell. Han veit det ikkje, så han får lesa det i avisa, humrar Bøe.
Bjørn meiner han sjølv nok er hakket strengare enn det Bernt i boka er.
Når boka vert lansert i dag, kjenner forfattaren at han har hatt eit ekstremt begivenheitsrikt år, sånn reint privat.
- No kjem boka, og før det har eg det siste året blitt vald inn i kommunestyret, fått baby og blitt forfremma. Det har vore utruleg gøy og utfordrande alt saman. Alt har gått min veg og eg har vore så heldig å få prøva mykje nytt og spennande dette årer. Eg er nesten litt redd for kva som blir det neste.
Først er det uansett ei lansering å ta seg av.