Fukt- og muggskadar i kommunale bustader
Ein bebuar i Byvegen 70-76 ønskjer seg ny terrassedør til jul. - Eg må gå her og turka vatn kvar morgon, seier mannen.
Vatnet renn ned frå tette takrenner på husa i Byvegen 70-76. Både etniske nordmenn og innvandrarar bur her. Mannen som møter oss er i ferd med å flytta ut - men først vil han visa korleis fuktproblemet påverkar kvardagen til både han sjølv og andre bebuarar i feltet.
- Eg har prøvt å melda frå om dette problemet til både vaktmeister, NAV, Os kommune - men det blir ikkje teke tak i. Problemet er størst i periodar med mykje regn slik som me har no. Det kjem rett og slett fukt inn i husværet vårt, seier han og viser oss ei tydeleg vasskadd terrassedør. Også vindauga ber preg av å ha vore utsett for eit jamt tilsig av vatn i hjørnene.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Her går eg og turkar vatn kvar morgon. Du kan sjølv kjenna at det er fuktig her, seier han. Han legg til at ein av nabobustadene har fått konstatert muggsopp, noko som resulterte i at golvet måtte skiftast.
Visste om sopp før kjøp
Dei 24 kommunale bustadene Byvegen 70-76 på Elvebakken har vore i kommunal eige sidan 2006, då kommunen kjøpte for 20,5 mill. kroner av Husbanken. Dei vart bygde av private på 90-talet for å gje eit tilbod for dei med dårleg betalingsevne. Før Os kommune kjøpte bygget fekk dei tilgang til ein rapport frå 2005, utført av Arnevig Bygg og Fuktskade Service AS, som skulle svara på kvifor to av husværa hadde mugg- og gjærsopp. Konklusjonen var at soppdanninga botna i dårleg isolasjon og tetting av vegger, samt mangelfullt avtrekk.
Pussar opp ved utflytting
Dag Søfteland, avdelingsleiar på eigedomsavdelinga, har ikkje høyrt om den spesifikke terrassedøra når «Os og Fusaposten» tek kontakt.
- Systemet vårt er slik at NAV må melda inn slikt til oss, og det har dei ikkje gjort i dette tilfellet. Men dersom det er slik at han er på veg ut av leigeforholdet, vil me ta ein gjennomgang av heile husværet med både byggmeister, målar og elektrikar når det står tomt. Det er standard prosedyre, seier Søfteland.
Han forklarer at dei ikkje brukar å gjera større inngrep i husværa medan det bur folk der, med tanke på praktiske ulemper både for dei som skal gjera jobben og dei som skal bu der.
- Er det generelt mykje fuktproblematikk i desse bygningane?
- Nokre av bygningane me har frå denne perioden held ikkje mål etter dagens standard. Samtidig er det ei rekkje ting som kan føra til fuktproblem. Enkelte skrur gjerne av ventilasjonen, eller har det for kaldt fordi dei ikkje vil betala for mykje i straum. Det er også for lite avtrekk, så eit av tiltaka me gjer etter at folk har flytta ut, er å setja inn nye ventilar, seier Søfteland.
Problem i visse bebuargrupper
- Eitt av husværa har hatt muggsopp nyleg? - Ja, og det er eit typisk problem hjå visse bebuargrupper. Dei dusjar inne i stort omfang, turkar klede inne, og har generelt på høg varme. I kombinasjon med dårleg system for uttrekk - kan det lett føra til muggsopp, seier Søfteland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han understrekar at dei har system på vedlikehaldet, men at det er avgrensa kva dei kan gjera så lenge det bur folk i husværet.