Elvemuslingen - platedebut for utflytta osing
Liv Reidun Henriksen Hansen har kalla debutplata si for «Elvemuslingen», og tittelsporet handlar også om Oselva og perlene ho plukka der før elvemuslingen vart freda.
Det er likevel ikkje elvemuslingen som er hovudårsaka til at Liv Reidun H. Hansen gjev ut plate no - det ligg ei langt meir tragisk historie bak tekstane ho har skrive.
- I 2012 døydde mannen min i ei trafikkulukke. To av dei fire borna våre var også med i bilen, og det blei eit opphald på Haukeland for oss. Heldigvis vart dei friske att, og me har det ganske bra i dag, fortel ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Far min har lært meg å vera takksam, og mor mi lærte meg at me klarar det me må klara, legg ho til.
Liv Reidun bur i Haugesund, men er ofte på besøk hos sin gamle far i Os, Henning Henriksen, og dei to søstrene som bur her.
Har med dyktige musikarar
Ho laga først ein singel, og Torbjørn Økland, som på den tida spelte i Vamp, sa ja til å vera med. Dei vart etter kvart vener, og tromma snart saman eit band som inkluderer Halvor Lillesund (piano og trekkspel) og Vegard Fossum (perkusjon og fløyte).
- På plata har me også med bror til Torbjørn, Nils Økland, (hardingfele/fele) og Paul Inge Vikingstad (kontrabass/elbass). Paul Inge har vel eigentleg base i Os, og jobbar for det meste som lydteknikar for Aurora Aksnes, fortel platedebutanten.
Også den tilbakevende vokalisten i Vamp, Jan Ingvar Toft, er med på ein duett saman med Liv Reidun. Det er såleis ei botnsolid musikargruppe ho har fått med seg på debutalbumet sitt.
Om smerte og håp
Alle dei åtte songane er skrivne på nynorsk, og har tekstar som fortel om smerte og sakn etter han som er borte. Likevel formidlar ho også mykje håp, styrke og livsmot gjennom tekstane sine. I siste verset og refrenget til songen «Større enn eg», syng ho:
Prøvde balansere det
som var heilt ufatteleg
Artikkelen held fram under annonsen.
eg var åpen og vill
Eg blei ho som klarte alt
stod der oppreist når det gjaldt
berre sydde deg inn
Ref.:
Klipte hol i havet, kasta ned
tre-fire draumar, og kva skjer:
eg skal syngja meg heil
Artikkelen held fram under annonsen.
No skal eg passa på meg sjøl
eg sit og dryppe på ei fjøl
og heiser håpet til segl