Arealplanleggjar Helle Holte Bruland, einingsleiar for samfunnsutvikling, økonomi og service, Terje Raunsgard, vararepresentant for SV, Atle Fjelltveit, vararepresentant for Sp, Even Revne og vararepresentant for H, Frøydis Dale.
Arealplanleggjar Helle Holte Bruland, einingsleiar for samfunnsutvikling, økonomi og service, Terje Raunsgard, vararepresentant for SV, Atle Fjelltveit, vararepresentant for Sp, Even Revne og vararepresentant for H, Frøydis Dale.

Tomte- kabalen er lagt

Kvar i Fusa bør det vera flest tilgjengelege tomter? Det var noko av det som vart diskutert då den nye arealplanen vart handsama av kommunestyret torsdag.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I snart tre år har arbeidet med ein ny arealplan føregått. Torsdag i førre veke vart planen handsama av kommunestyret for første gong.

- Utgangspunktet vårt for å starta rulleringa av den førre planen, var at vi ønskte at fleire folk skulle flytta til Fusa. I tillegg var det mange dispensasjonsvedtak frå planen frå 2006. Noko som viste at vi ikkje var i takt med den utviklinga folk ønskte, sa leiar i Utvalet for plan og miljø, Anne Martinsen.

Martinsen fortalde vidare at utvalet har hatt god tid til tankar og refleksjon, og at målet med arbeidet heile tida har vore at det skal vera lettare å få ting til, både for folk flest og for administrasjonen.

Anne Martinsen er leiar i Utvalet for plan og miljø. Utvalet har arbeidd med planen i snart tre år.
Anne Martinsen er leiar i Utvalet for plan og miljø. Utvalet har arbeidd med planen i snart tre år.

Det er mange omsyn å ta i samband med ein slik plan. Infrastruktur, gode bumiljø, nasjonale føringar, universell utforming, konsekvensutgreiingar og ROS-analysar er berre noko av det som skal vera på plass. Arealplanleggjar Helle Holte Bruland fekk skryt for arbeidet ho har lagt ned.

- Hovudfokuset har som sagt vore folkevekst. Det gjeld alle delar av kommunen, men ikkje i like stor grad i heile kommunen. Vi har vore oppteken av sentrums-vekst, både i kommunesenteret i Eikelandsosen, og i bygdesentera rundt om kring i Fusa, påpeika Martinsen.

Meir enn 400 tomter

Planen inneheld nær 450 tomter. 200 av desse er vidareførte frå førre plan, medan omlag 250 er nye.

- Det skulle vera rikeleg. Ifølgje folketalsprognosane er det trong for om lag 40 tomter i året i Fusa, og skulle talet vera for lågt, så er det berre å starta rulleringa på ny. Det finst mange fleire byggemogelegheiter i Fusa, påpeika Martinsen.

Nær halvparten av kommunestyremedlemmene har vore tett på arbeidet med den nye planen. For den andre halvparten var torsdagens kommunestyremøte, deira første sjans til å kommentera planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Finst det avgrensingar i forhold til kor mange ledige tomter vi kan ha i Fusa til ei kvar tid? På Vinnes fekk kommunen to forslag til byggjeområde. Det eine området er teke med i planen, det andre ikkje. Eg vil gjerne vita kvifor, undra Magne Djuvik (Frp).

- Det skal vera grunnlag for det vi legg ut. Folketalsutviklinga er det næraste ein kjem eit tak på kor mange tomter det bør vera tilgjengeleg, påpeika Bruland.

Martinsen påpeika at talet på tomter er betydeleg større enn det det skulle ha vore, ut frå folketalsperspektivet. Ho håpar likevel at kommunen ikkje får innvendingar frå Fylkesmannen på dette punktet.

Trass mange tomter, Mikal Leigland (Sp) skulle helst hatt endå fleire. Han meinte at kommunen ville skapa større trong for tomter, ved å leggja betre til rette for bygging. Vidare meinte Sp-politikaren at det var naturleg at området som Djuvik nemnte på Vinnes, og eit område i Vik i Strandvik, vart teken med i planen.

- Det vil skapa kontinuitet i utviklinga i dei to bygdene, sa han.

- Kvifor det eine feltet er komen med, og ikkje det andre, er gjenstand for veldig mange vurderingar. Vi har prøvd å fordela tomtemengda i dei ulike bygdene ut frå folketalsprognosane dei 15 siste åra. I tillegg har vi teke omsyn til kor mange tomter det finst i bygda frå før. Vi har sagt ja til noko, og nei til noko, så enkelt og så vanskeleg er det, understreka Hans Ekeberg (Ap).

Bad om endå fleire tomter

Atle Kvåle (Ap) er oppteken av at planen skal gjera Fusa til ein attraktiv stad å bu. Då er attraktive tomter ein vesentleg ingrediens.

Kvåle meinte ein burde leggja framtidige bustadfelt så tett opp mot vekstkommunane som mogleg. Han peika på Holmefjord-området, Eikelandsosen og Fusa-halvøya som gode område i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Distriktspolitikk er glimrande, men det er i dei områda eg nemner vi verkeleg kan få vekst i framtida, sa Ap-politikaren.

Leigland la fram eit forslag om at byggjeområda i Vik og på Vinnes burde takast med i den vidare vurderinga av planen.

Ekeberg lurte på om forslagsstillar hadde oversikt over kor mange tomter dei andre bygdene er tilgodesett med.

- Det ville vore rart om vi som ikkje har vore med på å laga planen, ikkje skal få høve til å koma med forslag. Eg meiner det er ein fordel at desse områda er med, og eg meiner at områda bør konsekvensutgreiast, anten det rokkar ved tomtebalansen mellom dei ulike bygdene eller ikkje, sa Leigland.

- Det er ingen som har sagt at de ikkje skal få koma med forslag. Men eg tek for gitt at representanten har kunnskap om kva som finst av tomter i dei andre bygdene og ikkje, sa Ekeberg.

Martinsen meinte det var uklokt å ta ein omkamp på desse områda no. Nye konsekvensutgreiingar vil senkja planarbeidet.

- Om behovet melder seg, kan planen rullerast, understreka ho.

Forslaget frå Leigland vart nedstemt med åtte mot 13 røyster. Dermed vert det ingen nye konsekvensutgreiingar, og arealplanen kan leggjast ut på høyring.