Utsikta frå terrassen i Solstrandvegen er rein terapi for Jannicke Hilland.
Utsikta frå terrassen i Solstrandvegen er rein terapi for Jannicke Hilland.

Fyrste kvinnelege konsernsjef

1. oktober vert Jannicke Hilland (47) frå Os fyrste kvinnelege konsernsjef i BKK.

- Då underteikna fekk jobb som pizzaservitør, vanka det opplæring i kassaapparat og brusdispensar. Kva opplæring får ein konsernsjef?

- Tja, sei det. Det er laga ein god plan for dette. Eg skal setja meg godt inn i korleis selskapet vert drive, møta dei tilsette og bli kjend med kva dei jobbar med. Så er det å høyra kva forventningar styre, eigarar og fagforeininger har. Til sist skal eg bruka god tid med noverande konsernsjef Atle Neteland som har vore 23 år i jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva gjer eigentleg ein konsernsjef?

- Mitt ansvar er å ta BKK frå der dei er i dag - med alt det inneber av kompetanse, stoltheit og engasjement - og inn i framtida. Då er fornybar energi og berekraft viktige stikkord. Vi skal ha eit langsiktig perspektiv.

- Kva klimavenlege grep ser du for deg at BKK vil ta?

- No er jo vasskraft svært miljøvenleg og etterspurnaden etter klimavenleg energi vil auka. Vi skal vera best i klassen i å utvikla og produsera vasskraft. Då må vi også ha tilgang til dei marknadene vi treng.

- Du er den fyrste kvinna som vert konsernsjef. Tenkjer du på det?

- Ja, det har eg tenkt ein heil del på. Eg har jo sett bilete av dei tidlegare sjefane og det er ingen kvinner der. Difor vert eg ekstra synleg og det er sjølvsagt viktig for meg å gjera ein god jobb. Styret i BKK seier at eg er vald på grunn av mine kvalifikasjonar og ikkje at eg er kvinne, det er eg glad for.

- Korleis er du som sjef?

- Det må kanskje dei tilsette i BKK få erfara sjølv fyrst. Men eg er veldig glad i menneske og liker å arbeide tett på andre. Uansett kva bransje vi er i, handlar det om menneske og den krafta som er i kvar einskild. Det er nok ein verdi eg vil ta med meg inn i sjefsrolla.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Korleis taklar du konfliktar?

Konfliktar handlar ofte om at ein ikkje snakkar godt nok saman. Eg trur mykje er gjort om ein greier å bringa folk saman og få dei til å kommunisera. Men det er klart, i ei bedrift vil ein nokre gonger vera usamde, og det skal ein vera. Men vi skal vera lojale når avgjerda er fatta.

- Du er tenåringsmor. Tek du med deg noko frå foreldrerolla inn i sjefsjobben?

- Absolutt. Eg trur eg tek mykje med meg. Å vera forelder er jo den aller viktigaste opplæringa i livet.

- Korleis koplar du av?

- I min noverande jobb har eg Stavanger som arbeidsplass og reiser svært mykje. Men når eg er heime, liker eg å fylgja opp ungane enten det er fotballkamp på Kuventræ, handballkamp i Oshallen eller tur til Sogndal Cup. Elles går eg gjerne i fjellet, joggar eller padlar ein tur i kajakk. Den fantastiske naturen i Os var mykje av årsaka til at vi flytta hit. Det gjer noko med meg å koma heim i huset og sjå utover Bjørnefjorden.

Sivilstatus: Gift, tre born; Margit (21), Astrid (17) og Even (14). To bonusborn: Nora (22) og Even (24).

Busett: Solstrandsvegen

Bakgrunn: Fødd og oppvaksen i Sandviken, men har budd i Os dei ti siste åra. Sivilingeniør i elkrat og elektronikk, strategisk leiing frå NHH og ein doktorgrad i fleirfasemåling. Har arbeidd 24 år i oljebransjen, dei siste 17 i Hydro og Statoil. Direktør med ansvar for konserntryggleik og sikring i 40 land.

Aktuell med: Tilsett som ny konsernsjef i BKK.