(Illustrasjonsfoto)
(Illustrasjonsfoto)

To hundar gjekk amok i hønsehus

Ti høns skal vera drepne etter at to hundar gjekk amok i eit hønsehus på Rød i Eikelandsosen.

- Meldar seier at hundane er kvite og svarte. Dei tok seg inn i hønsehuset kring klokka 13.00 i går. Vi har vore ute og leita etter hundane, men ikkje funne dei, seier politibetjent Anders Opsal.

Politiet er interessert i tips i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blei meldt at hundane er av rasen Sheepdog, moglegvis Border Collie. Om nokon har informasjon om desse hundane, eller kven som eig dei, så må dei kontakta oss, seier Opsal.