Politikarane har vanskeleg for å tru at det verkeleg vil bli sjåande slik ut på feltet Halhjem III, B2.
Politikarane har vanskeleg for å tru at det verkeleg vil bli sjåande slik ut på feltet Halhjem III, B2.

Godkjende 'Halhjem skyline'

Innseglinga til Os blir annleis etter at eit nytt felt med 40 bustader i Halhjemsmarka er ferdig utbygt.

I plan og bygningsutvalet i dag stod detaljreguleringa for Halhjemsmarka III, felt B2 på agendaen. Prosjektet inkluderer 40 bustader nye bustader i konsentrerte småhus, 2200 kvm leike/uteareal, og to parkeringsplassar (og to sykkelparkeringar) per hus. Det kommunalt eigde Os Bygg og Eigedom er tiltakshavar.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Stygt eller fint?

Politikarane hadde få innvendingar til sjølve planen, men var litt usikre på estetikken. Trine Lindborg (Ap) var tydeleg på at det finst ulike meiningar om kor vakkert det bygningsmessige uttrykket er i prosjektet ho uhøgtidleg kalla "Halhjem skyline".

- Sjølve innseglinga til Os vert endra. Mange synest det ser heilt forferdeleg ut, medan andre synest det er fint. Det er vanskeleg som politikar å vera heilt klar på det arkitektoniske uttrykket her, det handlar jo om smak og behag, sa ho.

Føreslo mur-meny

Nokre av bustadene som er oppført andre stader i Halhjemsmarka har ganske kraftige murar som er synlege frå sjøen. Espen Aspenes (Frp) kom med ein idé om at ein i framtida burde vurdera å laga ei kort smørbrødliste over kva typar murar ein ønskjer seg i Os.

- Ein kunne hatt ein meny på til dømes fem typar murar. Desse murane ønskjer me i Os. Då hadde me fått rydda mykje av vegen.

Terje Sperrevik (TvS) sa at dette hadde vore føreslått tidlegare, men at ein hadde fått tilbakemelding frå administrativt hald at det var vanskeleg.

- Det hadde vore ein god idé. For nokon gonger har me blitt møtt med reine steinrøyser som blir kalla for mur, sa Sperrevik.

Ønskja betre 3D-teikningar

Gustav Bahus hadde lite tru på at det ferdig utbygde prosjektet verkeleg ville bli sjåande ut som illustrasjonen som vart vist fram.

- Er det nokon som trur at det blir sjåande slik ut? Det er ikkje ein rett vinkel å spora på husa som skal byggjast. Du har 71 grader, 32 grader og 21,4 graders vinklar på husa.

Artikkelen held fram under annonsen.

May Brit Haringstad Mjøs (H) var einig.

- Der ser jo ut som om huset står på kanten av ei klippe utan noko sikring eller gjerde. Neste gong vonar eg at tiltakshavar kan forsyna oss med betre 3D-teikningar, sa ho.

Plan og utviklingssjef Aina Tjosås innvende at det visuelle uttrykket i alle fall blir heilskapleg når ein aktør som OBE står i spissen. Mange tiltakshavarar ville ha gjeve eit mykje meir varierande visuelt uttrykk, meinte ho.

- Her har ein faktisk prøvd å retta seg etter terrenget, sa Tjosås til.

 

Votering

Terje Sperrevik (TvS) ønskte å utsetja saka for å få tiltakshavar til å presentera planen for politikarane. Dette fekk han ikkje gehør for. Saka gjekk til votering og ho vart då samrøystes vedteken og sendt vidare til kommunestyret som har siste ord neste veke.