Illustrasjons
Illustrasjons

Heldt naboane vakne med høg musikk

Mannen nekta i natt å etterfølgja politiets påbod om å skru ned musikken. No risikerer han straff.

Seint i går kveld rykte politiet ut til ei adresse i Kuvågen etter å ha fått klage på høg musikk.

- Me hadde fått melding om høg musikk, og reiste ut kl 23.30 til eit husvære i Kuvågen. Me snakka med vedkomande, og han fekk pålegg om å halda det roleg det næraste døgnet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gav seg ikkje

Men klokka 2.30 fekk naboane framleis ikkje sova pga. musikken frå naboen. Politiet hadde ikkje tid til å rykka ut då patruljen var oppteken med noko anna, men dei snakka med mannen på telefonen.

- Då høyrde me at han hadde på veldig høg musikk i bakgrunnen. Mannen vil bli meldt for å ikkje etterkoma pålegget han fekk om å la vera å forstyrra natteroa for naboane, seier Hadler-Olsen.