Mattias Eide (12) blei vestlandsmeister i motocross denne sesongen.
Mattias Eide (12) blei vestlandsmeister i motocross denne sesongen.

Ungt talent med store ambisjonar

Mattias Eide (12) synest det er stas å kunna kalla seg vestlandsmeister, men han ønskjer ikkje å stoppa med det. Han skal bli best i motocross.

Benjamin Søgnen Olsen

benjamin@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Mattias var berre fire og eit halvt år då han fekk sin første sykkel. Vel åtte år seinare, er han vestlandsmeister i motocross.

- Grunnen til at eg starta med motorcross, er at pappa alltid har vore interessert i motorsyklar. Difor ønskte eg å prøva det også, fortel 12-åringen.

- Kva tenkjer du om at du no er blitt vestlandsmeister?

- Eg er stolt over å kunna seia at eg er det. Eg ønskjer å driva med dette profesjonelt. No skal eg berre trena og trena, og bli så stor som eg berre kan.

- Den største av alle?

- Ja, seier Mattias og smiler.

I 100 km/t

Sykkelen han høyrde då han var fire og eit halvt år hadde 50 kubikk.

- Det var ikkje så mange hestar, men det gjekk fort nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sykkelen han køyrde då Os & Fusaposten vekk vera med og sjå talentet, er det meir fart i.

- På sjettegiret går han nok i over 100 km/t, seier Mattias.

- Er du ikkje nervøs?

- Eg er litt nervøs. Trenaren min seier at eg skal køyra slik at eg blir redd og litt til, seier Mattias.

Han kan også gjera nokre triks i lufta, som "no foot" og å ta hendene av styret, men det er ikkje det som er om å gjera i motocross.

- Det handlar om å vera raskast. Først er det tidskvalifisering. Den med raskast tid får velja spor først. I neste runde køyrer vi i heat. Då er det i grunn om å gjera å vera først inn i første sving og halda leiinga inn til mål, seier Mattias.

Mor er ikkje nervøs

12-åringen er ikkje vanskeleg å få auga på, med både sykkel og klede i mange fargar og mønstre.

- Vel du kleda sjølv?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei. Det er mamma og pappa som vel, men vi har lik motesans. Eg er nøgd med kleda dei kjøper til meg. Eg er glad i fargar. Det er viktig, seier Mattias.

Mor til motocross-talentet, Veslemøy, var også med på treninga torsdag. Ho såg ikkje nervøs ut medan sonen flaug frå haug til haug på banen på Ulven. Ho påstår at ho ikkje er det heller.

- Det har gått over. Eg er nervøs før starten går i eit løp, men etter det er eg ikkje nervøs lengre.

Blei headhunta

Foreldra er viktige støttespelarar for Mattias. Dei følgjer han på treningar både i nærmiljøet, og på årlege turar til Austlandet og Sverige. No skal Mattias snart til Spania på treningsleir.

- Trenaren hans har ein kompis som eig eit hotell i Spania, der det også er mange crossbanar. Forhåpentlegvis får Mattias ta del i tre slike turar i år, seier Veslemøy.

12-åringen køyrer for Team Gundersen, som Kenneth Gundersen står bak. Han er ein stor, norsk tidlegare motocrossførar.

- For å koma med på laget må ein søkja, eller bli tilbode plass av Kenneth. Mattias blei spurt av Kenneth om han ønskte å vera med på laget, seier Veslemøy.

- Det høyrest ut som at han er på rett plass med på tanke på å utvikla seg vidare?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han er absolutt på rett plass. Vi håper på det beste, seier Veslemøy.