«Nu ser vi det hele»: Nytt lys på 2. verdskrig
I Torsdagsakademiet 1. november kjem krigs- og lokalhistorikar Per Helge Martinsen med nye detaljar og ny kunnskap om flysleppa i Fusa under 2. verdskrigen.
Martinsen har dei siste åra kome med fleire bøker om 2. verdskrig. Han har no gjort eit djupdykk i historia om dei allierte flysleppa i siste del av krigen. Her kjem det stadig fram nye spennande opplysningar frå arkiv i inn- og utland.
Spørsmåla er mange: Kva var innhaldet i lasta som vart sleppt over fjellheimen i Fusa og kva skulle materiellet nyttast til? Kva fly var involverte og korleis var den lokale mottaksgruppa organisert?
Artikkelen held fram under annonsen.
Noko visste ein frå før og noko har ein no fått oppdatert kunnskap om.
Med sin breie kjennskap til både motstandsgrupper i bergensområdet og generell krigshistorie, kan Martinsen òg setja desse dramatiske hendingane frå lokalmiljøet i Fusa inn i ein større samanheng.
Per Helge Martinsen er ein entusiastisk formidlar av lokal verdshistorie og dette er ein kveld etterkrigsgenerasjonen av fusingar bør få med seg. Arrangør er Fusa folkebibliotek