Trass i smerter og ubehag som følgje av leddgikt har Martine Blomberg denne våren fullført sin beste sesong som freestyle-dansar.
Trass i smerter og ubehag som følgje av leddgikt har Martine Blomberg denne våren fullført sin beste sesong som freestyle-dansar.

Suveren freestyle-sesong for Martine

Freestyledansar Martine Blomberg har lagt bak seg ein utruleg sesong med NM-gull og full pott i alle nasjonale konkurransar.

Me skreiv om ho første gong for tre år sidan. Alt den gongen var 14 år gamle Martine Blomberg eit usedvanleg stort talent i freestyl-dansing - det heile trass i at ho i lange periodar har slite med barneleddgikt i oppveksten.

- Eg har hatt mykje smerter og ubehag, men eg har aldri vore i nærleiken av å tenkja på å gje opp - til det er eg alt for glad i sporten, smiler den sjarmerande ungjenta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Albogen ut av ledd

At søftelendingen har markert seg så sterkt denne sesongen er imponerande på mange måtar. Så seint som i november i 2015 fekk ho albogen ut av ledd og måtte halda seg borte frå dans og annan trening i heile 12 veker.

Sportsleg leiar i Bergen Freestytle Danseklubb, Mari Axelsen, er full av beundring for det Martine har prestert i 2016-sesongen.

- Det er ein enorm prestasjon av Martine å koma så fort og sterkt tilbake etter ein slik albogeskade. Det at ho har vunne samtlege nasjonale konkurransar ho har stilt opp i etterpå er berre heilt fantastisk, skryter Axelsen.

Martine i aksjon under NM i Oslo der ho vann gull i freestyle og sølv i slow. Her frå slow-dansen. (Privat bilete)
Martine i aksjon under NM i Oslo der ho vann gull i freestyle og sølv i slow. Her frå slow-dansen. (Privat bilete)
Ein stolt 14-åring tek imot sitt første NM-gull i freestyle-dans. (Privat foto)
Ein stolt 14-åring tek imot sitt første NM-gull i freestyle-dans. (Privat foto)
Martine har eit godt og nært forhold til trenaren sin Mari Axelsen. Her vert Martine gratuelert etter at det var klart at ho kom til NM-finalen i Grand Prix-klassen (open klasse). (Privat foto)
Martine har eit godt og nært forhold til trenaren sin Mari Axelsen. Her vert Martine gratuelert etter at det var klart at ho kom til NM-finalen i Grand Prix-klassen (open klasse). (Privat foto)
Martine då ho viste sine akrobatiske kunster til "Os og Fusaposten" for tre år sidan.
Martine då ho viste sine akrobatiske kunster til "Os og Fusaposten" for tre år sidan.

Martine på si side nyttar høve til å skryta av Axelsen.

- Ho er trenaren min, støttespelaren min og ein person eg ser svært mykje opp til. På reiser er ho også som ei reservemamma. Eg hadde ikkje gjort det så bra hadde det ikkje vore for Mari, understrekar 14-åringen.

Super sesong

Martine har altså gått frå siger til siger i 2016 sesongen. Det heile starta alt i februar.

- Det var første konkurranse etter albogeskaden, så då kom sigeren som ei stor overrasking, fortel ho.

I avslutningshelga i Rælinga i helga som var tok ho sin femte av fem moglege freestyle-sigrar i klassen hennar (Champ 14-16 år). Resultatet er opprykk til eliteklassen frå hausten av.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir veldig spennande. Eg håpar eg skal klara meg bra også på det høgste nivået, seier Martine.

Ho tek på langt nær munnen for full. Under NM i Oslo i slutten av mai deltok ho i Grand Prix-klassen, som er open for alle. Då vart ho nummer tre.

- Det var stort, men vel så moro var det å vinna gull i freestyle og sølv i slow, fortel søftelandsjenta.

Tøffaste sesongen

Martine kan stolt sjå tilbake på sin beste sesong som disko-dansar, men medaljen har så absolutt ei bakside.

- Dette har vore min beste sesong, men også den verste med tanke på leddgikta. Stundom har det vore svært plagsamt og vondt. Spesielt i knærne, hoftene og andre store ledd.

Sidan ho byrja å dansa konkurranse-disko har ho fått maks medisin mot leddgikten, men heilt fri for smerter er ho altså ikkje blitt.

- Det er veldig samansett. No trur eg kroppen har godt av ein pause, men samstundes er det når eg held heilt opp, at eg får vondast. Det beste er å finna ein passande middelveg fram til oppkøyringa til ein ny sesong tek til, konstaterer den spreke ungjenta.

Disco Kid

Etter den vellukka sesongen er Martine no teke ut til å vera med i verdas største freestyle-konkurranse i Blackpool i England. Konkurransen er kalla «Disco Kid» og samlar dei beste utøvarane frå heile kloden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har vore der ein gong før, men då var eg ikkje kvalifisert. Denne gongen blir det noko heilt anna. Det blir stort berre å få vera med frå start av. Målet må vera å gå vidare til andre runde, seier Martine.

Men før den tid skal ho konkurrera på øvste nivå her heime i Noreg.

- Dersom eg ikkje vert skadd eller får meir problem med leddgikta, går det sikkert greitt. Eg har hevda meg godt blant elite-utøvarane tidlegare, så me får gå på med optimisme og stort pågangsmot, seier den tøffe unge, damen frå Søfteland.