Tek ikkje stilling til kritikken frå Ap og MDG
Fylkesmannen vil ikkje vurdera lovlegkontrollen frå Ap og MDG fordi det er levert på eit for tidleg tidspunkt i saksgangen.
I november klaga kommunestyremedlemmene Gisle Hesjedal, Tone Hepsøe (båe Ap) og Nils-Anders Nøttseter (MDG) planprogrammet for ny skule på Hjelle inn til Fylkesmannen. I kommunen sitt tilsvar vart det blant anna vist til at det ikkje er råd å koma med lovlegkontroll på eit mellombels stadium av planprosessen. Først når kommunestyret har avgjort reguleringssaka, kan det vera aktuelt, meinte administrasjonen.
Feil tidspunkt
Fylkesmannen har no kome med sitt svar. Der vert det ikkje teke stilling til dei mange spørsmåla politikarane stilte, blant anna om manglande openheit i adhocutvalet. Fylkesmannen gjev i staden kommunen rett i at tidspunktet for lovlegkontrollen er feil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fylkesmannen viser til retningsliner frå Kommunal- og regionaldepartementet som seier at Fylkesmannen berre kan vurdera lovlegkontroll av avgjersler. Det blir vist til at eit planprogrammet berre skal gjera greie for føremålet med planarbeidet, og leggja rammene for planprosessen. Dermed er ikkje planprogrammet den avsluttande avgjerda i ei reguleringssak, og Fylkesmannen kan difor ikkje gå inn og reelt vurdera saka på noverande tidspunkt. Kravet om lovlegkontroll vert difor avvist.
ol@osogfusa.no