Moshovdatunellen er stengt etter bilulukke
Oppdatert: Båe førarane framstår som uskadde etter å ha kollidert i 80-sona i Moshovdatunellen. Politiet ventar at tunellen snart kan opnast.
Oppdatert: Like før klokka 11 melde politiet om at ein traktor hadde kollidert med ein personbil i Moshovdatunellen utanfor Eikelandsosen i Fusa.
Tunellen er stengt, og ambulanse undersøkte dei involverte på staden. Båe førarane har kome seg ut av køyretøya.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me veit ikkje årsaka til kollisjonen, men den skjedde i 80-sona. Airbag vart utløyst i bilen, og båe førarane framstår som uskadde. Dei har blitt undersøkt av ambulanse på staden, seier operasjonsleiar Morten Rebnor.
Politiet ventar at tunellen kan opnast snart.
ol@osogfusa.no