- Skulebygga bør leigast ut
Diskusjonen om kva skulane på Holdhus og i Strandvik skal brukast til dersom dei vert nedlagde, er enno ikkje i gang. - Spørsmålet bør løysast i budsjettet, meiner Svein Lang (Sp).
Ap, Frp, KrF og V har fleirtal for å leggja ned skulane på Holdhus og i Strandvik. Lang trur ikkje det kjem til å endra seg innan kommunestyret sitt budsjettmøte 17. desember.
Sp-politikaren meiner det er viktig å få ro rundt skulesaka. Då må ein koma fram til ei løysing som alle partar kan leva med. For opposisjonen inneber det at skulane som truleg vert stengde, vert leigde ut, eventuelt selte, til initiativtakarane bak dei to friskulane, Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Om posisjonen ikkje ønskjer å leiga ut skulane, vert det ugreitt. Eg håpar verkeleg ikkje det skjer, seier Lang.
- Ei minneleg løysing
Trass innstillinga frå formannskapet, har Aud-May Boge (H) framleis eit håp om at skulane på Holdhus og i Strandvik skal få leva vidare.
- Eg håpar at nokon ser at skulenedlegging ikkje er vegen å gå, seier ho.
Dersom det ikkje vert realiteten, er Boge samd med Lang i kva som bør skje med skulebygga.
- Eg har ikkje diskutert dette med andre, men mi personlege meining er at bygga anten bør leigast ut eller seljast til dei som skal oppretta privatskular, seier Boge og legg til:
- Eg ser på det som den mest minnelege løysinga, og ein god måte å gå vidare på utan å skapa ytterlegare konflikt.
Brakker?
Lang stiller samstundes store spørsmålsteikn ved rådmannen sitt forslag om éin barneskule alt frå 2018.
- Eg kan ikkje forstå korleis Fusa kommune skal kunna gjera så store investeringar på kort sikt. Det kan umogleg vera gjennomtenkt, meiner Lang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han forstår heller ikkje korleis posisjonen har rom, plass eller økonomi til å utvida barneskulen på Fusa, der elevane frå Strandvik er tenkt plasserte.
- Dette er ein gamal skule som treng mykje vedlikehald. I tillegg vil det verta vanskeleg å få plass til alle elevane. Anten må det byggjast noko, eller så må ein setja opp brakker, trur Lang.
Sp-politikaren meiner skulesaka er inne i eit spor som ein er nøydd til å koma seg ut av.
- Det er viktig å få ro rundt saka, slik at vi kan fokusera på andre saker også. Det trur eg alle er samde om, seier han.
Ekstraordinært budsjettmøte
Senterpartiet og Høgre held fram budsjettarbeidet i kveld.
- Vi kjem nok til å finpussa på budsjettet heilt fram til den 17., seier Boge.
- Alternativet vårt har ein annan profil enn posisjonen sitt budsjett. Vi har teke utgangspunkt i samfunnsplanen, og ønsket om aktivitet i heile kommunen, legg Høgre-politikaren til.
Boge understrekar at Sp og H kjem til å levera eit budsjett som er i balanse i heile økonomiplanperioden.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men eg har ikkje så lyst til å seia noko om detaljane nett no. Vi er framleis i ein arbeidsfase, seier ho.
Lang meiner budsjettprosessen så langt har vore grei og ryddig. Men Sp-politikaren er klar på at posisjonspartia og opposisjonspartia har ulike oppfatningar, og ulike motiv for budsjettforslaga sine.