Catten har hatt godt med gjestar i år, og framleis står dei to travlaste dagane att; første juledag og nyttårsaftan.
Catten har hatt godt med gjestar i år, og framleis står dei to travlaste dagane att; første juledag og nyttårsaftan.

Kanonår for Catten

Så langt i år ligg Catten nightclub 1,150 millionar over fjoråret – og framleis står dei beste dagane av året att. – Det kan vi vera stolte av, seier eigar Bjarte Andersen.

– Dei fleste ville umiddelbart tenkt at auken i omsetnad skjer utelukkande fordi Solsiden stengde dørene. Det er delar av grunnen, men det handlar ikkje berre om det, seier Andersen.

(Alt i påsken såg det lyst ut for Catten, då nattklubben hadderekordpåske med tanke på tal gjestar og omsetnad).

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange bein å stå på

Nattklubb-eigaren meiner at Hannes og Havnechefen også har ført til at fleire har funne vegen inn dørene på nattklubben. Ikkje minst, har dei jobba godt sjølv også.

– Vi har jobba knallhardt med å vera til stades, sørvis og oppfølging, seier Andersen.

Delar av grunnen er nok også at fleire vaksne har byrja å gå oftare på Catten. Då Andersen opna sin andre nattklubb i Os, Empire, tidlegare i år, gjorde han også om på aldersgrensa på Catten. Kort fortalt blei Empire for det yngre publikum (dei mellom 18 og 25 år) og Catten auka aldersgrensa til 20 i hovudbaren og diskoteket, medan loungen fekk ei aldersgrense på 25 år.

– Vi har utruleg mange bein å stå på. Ta sist helg til dømes. Då hadde vi dj i diskoteket, men vi hadde også ein dj i loungen. Det var stappfullt i heile lokalet. Det er artig å sjå miksen i publikum frå 20–70 år. Eg er glad for at dei vaksne har kome inn, og at dei ser at vi har gjort alvor av at dei heilt yngste ikkje lenger er på Catten.

Løn for strevet

Det står att eit par veker av 2017, og det skal mykje til for at Cattens årsresultat skal bli påverka negativt av vekene som står att. Første juledag og nyttårsaftan er tradisjonelt sett dei to klart beste dagane til utestaden.

– Juleveka plar vera heilt utruleg. Det er så mykje folk ute. Særleg første juledag og nyttårsaftan. Det har vore eit enormt godt år. Det er godt å få løn for strevet, seier Andersen og smiler.