Namnet på den nye hallen: Politikarane i formannskapet har bestemt seg
Fjorden arena, Eikelandsfjorden arena eller Eikelandsosen arena. Kjært barn har mange namn. Politikarane var nøydde til å velja eitt.
Då Fusa kommune spurte innbyggjarane kva den nye fleirbrukshallen i Eikelandsosen skal heita, fekk dei 172 svar.
41,9 prosent meinte det geografiske namnet burde vera Fjorden/Fjord´n, 28,5 prosent likte Eikelandsosen best, medan 25 prosent gav røysta si til Fusa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når det gjeld aktivitetsnamnet til hallen, stakk arena av med ein knipen siger på 31,4 prosent, tett etterfølgt av fleirbrukshall med 30,8 prosent opplsutnad.
Fusa ungdomsråd handsama hallnamnsaka 16. november, og konkluderte med at Fjorden arena er eit enkelt og fengande namn.
– Ungdomsrådet meiner det er viktig å bruka omgrepet arena for å signalisera at anlegget er noko meir enn ein tradisjonell idrettshall, heiter det i protokollen frå møtet.
-fjorden eller -osen?
Fem dagar seinare, var turen komen til formannskapsmedlemmene.
– Når ungdomane går for Fjorden arena, vert det valet vektlagt tungt i frå underteikna, sa ordførar Atle Kvåle (Ap).
Andre var uroa for om folk utanbygds frå ville vita kvar Fjorden arena er.
– Eg prøver ikkje å kverrulera. Eg ønskjer berre å målbera eit syn om at folk må vita kvar dei skal. Eikelandsfjorden er namnet på ein stad. Om hallen heiter Eikelandsfjorden arena, er det ikkje mogleg å ta feil, meinte Mikal Leigland (Sp).
Gustav Folkestad (V) meinte Leigland hadde eit poeng. V-politikaren tok rett nok til orde for å vera endå meir spesifikk. Eikelandsosen arena vart lansert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Folkestad fekk støtte frå Aud-May Boge (H).
– Eikelandsosen er truleg betre. Det finn du i alle fall på kartet, i motsetnad til Eikelandsfjorden, sa Boge.
Eit rakst Google-søk viste derimot at også Eikelandsfjorden er kartlagt.
– Godt merkevarenamn
– Eg er sikkert prega av åra mine som fotballspelar og -trenar. På den tida var seniorlaget til Eikelandsfjorden så bra at alle i Hordaland visste kvar Fjorden er, sa Kvåle og la til:
– Dette er ikkje ei større problemstilling enn det vi gjer det til. Eg synest vi skal lytta til det ungdomane har konkludert med. Fjorden arena i Eikelandsosen idrettspark er ein god match.
– Fjorden arena er eit godt merkevarenamn om ein har eit bevisst forhold til det. Ved å fylla hallen med godt innhald og gode idrettsstemne, vil alle vita kvar hallen er, påpeika Svein Lang (Sp).
Dermed var diskusjonen over. Fjorden arena it is.
camilla.kvamme@osogfusa.no