Talentfabrikk på Nore Neset ungdomsskule
Dei 60 elevane på «Sal og scene»-valfaget på Nore Neset skule viser seg verkeleg verdig nokre kveldar i spot-lighten.
Måndag kveld var det premiere på musikalen «Remember my name» i amfiet på Nore Neset ungdomsskule. Regissør og lærar Anne Leni Sæbø kalla det heile ein slags generalprøve, men den fullsette aulaen merka ikkje all verda til innkøyringsproblem. Det store ensemblet med kring 40 sceneaktørar, musikalband, blåserekkje, kor og scene- og lysansvarleg fungerte som eit godt kollektiv.
Vel verd turen
Elevane ved valfag-linja presenterer musikalen «Remember my name» kvar kveld denne veka til og med torsdag. «Os og Fusaposten» tok turen måndag for å finna ut om dette var noko å rå andre til å få med seg. Svaret er definitivt ja. I stykket handlar det om å finna talent, utvikla dei og gjera dei klare for scenen. I verkelegheita gjer samtlege 40 skodespelarar, songarar og dansarar nett dette. Dei viser seg verdige eit godt publikum og fullt hus veka ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Allsidige elevar
Stykket byggjer i hovudsak på den amerikanske serien og musikalen «Fame». Som i serien vert me også på Nore Neset med frå starten av, når elevane må gjennom ein tøff audition for å koma inn på talentfabrikk-skulen High School of Performing Arts i New York.
Her gjer den strenge rektoren, spelt av Marthe Johannesen, det klart for elevane frå første stund: Skal ein vera på denne skulen er det berre ein ting som gjeld: Hardt arbeid.
Deretter vert elevane inndelte i klassar og me som publikum får vera med på danselinja, skodespelar-linja og song-linja sine øvingar.
Flott iscenesett
Amfi-trappene i ungdomsskule-aulaen fungerer supert som arena for å utspela fleire scener på ein gong utan at dei druknar i kvarandre. I tillegg har ensemblet laga til ein stor scene framfor trappa der aktørane verkeleg får koma heilt fram til publikum og visa seg.
Dei mange song- og dansenummera kjem vidare i form av eit «Ta sjansen»-innslag der utøvarar får prøva seg på scenen. Med ein scene på toppen av trappa og ein i botn får framsyninga god dynamikk, og det vert aldri for stilleståande.
To låtar i eitt
Eit originalt triks som dei fleire gonger gjer seg nytte av er å kombinera to songar i eitt arrangement. Det vil seia. Dei har funne låtar der kompet passar til to ulike songar. Problemet her er sjølvsagt at det er lett for å koma ut av det.
- Det er vanskelege songar og til dels utfordrande arrangement å syngja til, men eg synest songarane våre løyste det kjempebra i dag, og endå betre vert det dei neste dagane, sa Anne Leni etter framsyninga.
For rett nok var det fleire som kom ut av det og måtte ta seg inn att, men kunstpausane var ikkje lengre enn att dei påkalla litt latter og spontan applaus før elevane igjen kom seg tilbake på rett spor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein av desse var Tom André Larsen som song den danske artisten Lukas Graham's «7 Years».
- Det gjekk bra heilt til siste vers. Då fekk eg jernteppe. Det var litt flaut, fortel Tom André.
Han hadde ingen grunn til å skamma seg. Versjonen hans var rett og slett naken, flott og vakker.
Formingutstilling
I samband med musikalen i aulaen var det også laga til ei utstilling i musikkrommet. Utstillinga var ulike former for handarbeid som elevane ved valfaglinja «Design og redisign» har jobba med den siste tida.