Delte ut 250.000 i ålmennyttige midler
Sist veke delte Sparebanken Vest i Fusa ut 250.000 kroner i ålmennyttige midler.
Det var mange som hadde søkt på Sparebanken Vest sine ålmennyttige midler i år.
Avdelingsbanksjef Anja Riise innleia utdelinga med å sei nokre ord til dei inviterte. Ho berømma det store dugnadsarbeidet som vert lagt ned i alle bygdene i kommunen, og verdiskapinga ildsjelene gjer for lokalsamfunnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- De er svært verdifulle ressursar, som vi alle har eit ansvar for å ta godt vare på, slik at de ikkje "brenn opp", sa Anja i høve utdelinga.
Etterpå gjekk praten lett, og erfaringar med dugnadsarbeid på ballbingar, kunstgras, lyktestolpar og mykje anna vart utveksla. Mange ungdommar fekk skryt for den dugnadsinnsatsen dei la ned for å få ferdig den nye kunstgrasbanen i Eikelandsosen.
Dugnaden vart organiserte via Facebook, og kvaliteten på arbeidet var framifrå.
Kassett
Andreas Fosse Salbu representerte Edged Circle Produksjoner og imponerte forsamlinga med å fortelje at bandet hans Reptilian heilt nyleg hadde gitt ut kassett!
- «Sparebanken Vest er glad for det lokale engasjementet dei har, for det har vi og. Vi bryr oss om lokalsamfunnet og ønskjer å gje noko tilbake. Som tidlegare år, gjer vi og økonomiske gåver ved å dela ut VI-midlar. I Fusa gjer me i år 250.000 i ålmennyttige midlar, fordelt på 13 ulike føremål. Totalt i 2015 gjer Sparebanken Vest 50 millionar til gode initiativ på Vestlandet, sa Anja avslutningsvis.