Prof. em. Gunnar Kvåle (t.v.), opphavleg frå Strandvik, fekk ein hyggjeleg prat med jamgamle strandvikingar.
Prof. em. Gunnar Kvåle (t.v.), opphavleg frå Strandvik, fekk ein hyggjeleg prat med jamgamle strandvikingar.

- Me treng ei sterkare styring i klimapolitikken

Det var ikkje mykje som mangla i Gunnar Kvåle sitt foredrag om klimaendringar for Fusa senioruniversitet sist tysdag. Det er lite professoren ikkje veit om dette emnet, som opptek han intenst.

Kvåle ser at helseskadar aukar rundt om i verda, både direkte når smittefarlege sjukdomar breier seg, eller indirekte når orkanar og flom krev sine offer.

I breie strok måla han eit bilete av følgjene av eit klima som støtt blir varmare. Dårlegare mattryggleik og svolt er nokre av desse.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Noreg er avhengig av mat som vert dyrka andre stader i verda. Kva gjer me, om tørke og avlingssvikt i Europa ikkje kan skaffa oss den maten me treng? Me kan og venta at folk flyktar frå land som er sterkt råka av klimaendringane til land med betre tilhøve, sa Kvåle, og peika på samanheng mellom konflikt og klimaendringar.

- Mellom 2006 og 2011 herska det tørke i Syria, og mange bønder flykta til byane. Dette kan ha medverka til at borgarkrigen i landet utarta seg slik me no ser.

Redusera reising med fly og "fossilbilar".

Reisa meir kollektivt med tog eller buss.

Sykla, gjerne med el-sykkel om det er "bakkete".

Spara straum ved å isolera husa betre og varma opp berre den delen av huset som er i bruk.

Bruk av varmepumpe, jordvarme eller straum frå solceller.

Eta meir fisk og grønsaker heller enn kjøt er godt både for helsa og klima.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grep for minska utslepp

Kan ikkje venta

Kvåle understreka at me ikkje kan venta for lenge med å stogga oppvarminga av jorda.

- Det hastar, er hans klare parole.

- Me treng ei sterkare styring.

Dette gjeld ikkje minst Noreg. For medan ein i andre land får klimagassutsleppane til å gå ned, går dei opp i vårt land, påpeika Kvåle.

Men kva må til for å minska utsleppa? Gunnar Kvåle nemnde alt frå energisparing og lågare forbruk, storsatsing på fornybar energi, høgre pris på utslepp av klimagassar samt større overføringar til fattige land, til lovendring, lågare tilskot til produksjon av fossile brennstoff og å trekkja investeringar frå fossile brennstoff.

- Eg er meir optimistisk enn for nokre år sidan, sidan mange fleire no snakkar om 'det grøne skiftet', sa Kvåle, og peika på at alle politiske parti er med i denne debatten, sjølv om det framleis er lite samsvar mellom ord og handling.

Samsvarer ikkje med politikken

Regjeringa går inn for å kutta klimagassutsleppa med 40 prosent innan 2030 i høve til utsleppa i 1990.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men problemet er at dette ikkje er i samsvar med konkret politikk, meinte Kvåle.

Han nemnde fleire planar som fører til auke i utslepp.

- Mange politikarar har svikta ansvaret som dei har i fylgje §112 i Grunnlova. Ved sida av den rettslege forpliktinga, har klimasaka òg ei moralsk side. Dette har den norske kyrkja forstått. Sidan kyrkjemøtet i 2007 har kyrkja arbeidt aktivt for å fremja klimasaka.

Me kan også som einskildmenneske bidra, meinte Kvåle.

- Me kan stilla politikarane til ansvar, og me kan velja ein klimavenleg livsstil.Dette gjev også eit godt liv.

Han viste fleire eksempel på at kvar enkelt kan gjera mykje for å kutta i eigne utslepp (sjå faktaboks)

Gunnar Kvåle minna oss også om at me står i gjeld i forhold til dei fattige.

- Me har nytt godt av olja, dei får dei største problema.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørghild des Bouvrie

Fusa senioruniversitet