Klar for VM i Bulgaria
Arne Hadler-Olsen er offisielt klar for U23-VM i roing.
Hadler-Olsen skal ro i dobbeltfirer i lag med Jørgen Mjøs Nilsson, Robin Munoz Fjeldstad og Halvor West frå høvesvis Tønsberg, Moss og Bærum Roklubb.
Oppkøyringa til VM i slutten av juli omfattar både noregscup-stemne på Årungen til helga, og nordisk meisterskap same stad i slutten av denne månaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sist helg deltok laget i Ratzeburger internasjonale regatta i Tyskland, og rodde inn til 3. og 4. plass med svært tøff konkurranse.
VM går av stabelen i Plovdiv i Bulgaria 22. til 26. juli.