1. nyttårsdag fekk politiet i Os melding om vald, promillekøyring og sprenging av postkassar.
1. nyttårsdag fekk politiet i Os melding om vald, promillekøyring og sprenging av postkassar.

Nyttårsfeiringa enda i valdsepisode

Ein mann i slutten av tenåra og ein mann i starten av 20-åra var involverte i ein valdsepisode i Os sør på nyttårsaftan. Det resulterte i ein skade i ansiktet på éin av dei.

Det er ifølgje politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Rune Fimreite, oppretta sak, og starta etterforsking, av valdsepisoden i Os sør på nyttårsaftan.

– Politiet fekk meldig på ettermiddagstid 1. nyttårsdag om at det hadde vore ein valdsepisode på nyttårsaftan som enda med kroppsskade. Éin av dei involverte har fått ein skade i ansiktet, opplyser Fimreite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mistenkjer promillekøyring

1. nyttårsdag vart ei dame i 30-åra stogga i starten av Halhjemsvegen, i nærleiken av Uno X, mistenkt for promillekøyring.

– På bakgrunn av køyreadferda hennar fekk politiet melding om mistenkjeleg og farefull køyring. Vi rykte ut til staden, og kvinna, som er mistenkt for promillekøyring, vart teken med til legevakta for blodprøvetaking, fortel politioverbetjenten.

I 20-tida i går kveld kom det også melding om at fleire postkassar i Os sentrum vart sprengte og øydelagte, sannsynlegvis ved hjelp av fyrverkeri.

– Nokre gutar i midten av tenåra er mistenkte for å stå bak, opplyser Fimreite.

camilla.kvamme@osogfusa.no