BIRs energianlegg blir difor ikkje råka av streik. Det betyr at innsamling av restavfall går som normalt. (Illustrasjon)
BIRs energianlegg blir difor ikkje råka av streik. Det betyr at innsamling av restavfall går som normalt. (Illustrasjon)

Det blir ingen bos-streik

KS Bedrift og arbeidstakarorganisasjonane blei torsdag kveld samde i lønsforhandlingane.

BIRs energianlegg blir difor ikkje råka av streik. Det betyr at innsamling av restavfall går som normalt.

- Vi er glade for at partane har komne til semje og at vi kan halda fram jobben vår som vanleg. Vi oppmodar alle til å kjeldesortera avfallet sitt slik at vi kan utnytta ressursane på ein best mogleg måte, Mette Nygård Havre, kommunikasjonssjef i BIR AS.