Motstanderne i Søre Øyane kritiseres for å kun være opptatt av sin ”egen hage”. Men jeg har ikke inntrykk av at folk er så trangsynte at de ikke har evne til å se at det er mange andre gode argumenter for å endre trasevalg, skriv June Morfjord.
Motstanderne i Søre Øyane kritiseres for å kun være opptatt av sin ”egen hage”. Men jeg har ikke inntrykk av at folk er så trangsynte at de ikke har evne til å se at det er mange andre gode argumenter for å endre trasevalg, skriv June Morfjord.

- Kan ikkje byggja rekordbru for ein kvar pris

Kjelder i den nye fleirtalskoalisjonen på fylkestinget kallar bru over Bjørnefjorden for "gigantomani", og seier at brua ikkje kan byggjast for ein kvar pris.

 

Øystein Lid

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no

Sjølv om det er snart to år sidan den då ferske samferdsleministeren Ketil Solvik-Olsen besøkte Vestlandet for å annonsera at Frp/H-regjeringa ville gå for midtre trasé og dermed bru over Bjørnefjorden, er det framleis ikkje alle som har slått seg til ro med dette.

Verdas dyraste?

Med ein fersk valsiger i lomma, har parti som tidlegare markerte seg som tilhengjarar av indre trasé - eller var agnostikarar - igjen teke opp hansken. I BA sist veke gjekk den nye gruppeleiaren for Senterpartiet i Hordaland fylkesting, Bente Bondhus, ut og kalte brua over Bjørnefjorden for "gigantomani".

- Kvifor skal me planleggja verdas lengste, verdas djupaste, og verdas raskaste samband mellom Os og Stord? spurde Bondhus og la til at "verdas dyraste" snart kunne leggjast til lista. Ho nekta for at det dreidde seg om noko omkamp, men la til at det er uvissa ved kostnadsbiletet som ligg bak hennar fort-satte engasjement i saka.

- Skal me fullføra prosjektet for ein kvar pris? spurde ho.

I løpet av åra der Hordfast har blitt vurdert har den estimerte kostnadsramma stadig vakse. Først var det snakk om 10 milliardar, deretter 19 og då regjeringa la fram riksvegutgreiinga i vår, var Hordfast prissett til 27,4 milliardar. Til våren att blir oppdaterte kostnadskalkylar presenterte, og få trur at den nye kostnadsramma vil ha krympa. Til «Os og Fusaposten» uttaler prosjektleiar for Ferjefri E39, Signe Eikenes, atden brua osingar flest ønskjer seg, røyrbrua, også blir den dyraste.

- Staten har ikkje djupare lommer

Atle Kvåle, påtroppande ordførar i Fusa og mangeårig representant for Ap på fylkestinget - sit som Bondhus også i posisjon på fylket. Som henne er Kvåle uroa over kostnadene.

- Eg set framleis masse spørsmålsteikn ved om Hordfast i si noverande form er realiserbar. Som fylkespolitikar er eg redd for at me ikkje greier å få til alle vegprosjekta me ønskjer. Årsaka til det er den store kostnadsveksten i enkeltprosjekt, seier Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men staten har kanskje djupare lommer enn dei fylkestinget er vane med å forholda seg til?

- Ikkje når det kjem til stykket. Det viser seg ofte at når konklusjonane dreg ut i tid, er det noko som ligg bak.

Eit meir bruskeptisk fylkesting

- Er det slik at det nye fleirtalet er mykje meir skeptisk til bru over Bjørnefjorden enn det gamle fleirtalet var?

- Du kan nok seia det, og særleg om du ser historisk på det. No er det jo dei raudgrøne partia som kontrollerer fylket, styrka opp med KrF. Arbeidarpartiet sa i si tid at me ville ha ei ekstra kvalitetssikring av tala, men vart nedstemt på det. Og no ser me problemet med å ikkje ta den ekstra runden. Me må jobba for midtre trasé, samtidig som me ikkje kjenner heile kostnadsbiletet. Valet av bruløysing vil sjølvsagt påverka økonomien. Ein føler at det er berre x-ar og y-ar i dette prosjektet. Det einaste som er sikkert er at kostnadene veks og veks, seier Kvåle.

Han legg til at dette temaet ikkje har vore oppe til diskusjon blant partia etter valet, men seier at det vil bli ein interessant diskusjon framover. At SV som har vore heilt konsekvente mot bru over Bjørnefjorden, er invitert inn i samarbeidet, vil truleg ikkje leggja dempar på diskusjonane som har med Hordfast å gjera.

Vedtak før nytt Stortingsval?

Regjeringa har vedteke at arbeidet med kommunedelplan for E39 på strekkja Stord-Os skal gjennomførast som statleg plan. Lokale og fylkeskommunale mynde er dermed ikkje dei som skal vedta planen til sjuande og sist, men dei vil sjølvsagt få koma med innspel. Prosessen framover er elles planlagt slik at NTP som inkluderer Hordfast vil bli lagt fram våren 2017. Dersom det blir utsetjingar av eit eller anna slag, finst det ein sjanse for at eit nytt stortingsfleirtal vil gjera vedtak i saka etter Stortingsvalet 2017.