Gry takla presset og er med vidare
Gry Skarstein heldt nervane under kontroll, slo ut Marius Wagan Skålevik og er med vidare i 71 grader Nord.
Måndag kveld viste TVNoreg den 10. episode av årets 71 grader Nord. For osingane var det knytt stor spenning i om vår lokale favoritt, Gry Skarstein, skulle få forlenga opphaldet i TV-ruta denne hausten. Det gjorde norenesingen. Men ho vedgår at det var på hengjande håret
- Dette var 10. av totalt 15 episodar. Eg vert i alle høve med litt til. Det er små marginar i slike duellar, seier Gry.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vanskeleg labyrintspel
34-åringen frå Os vart merkt etter avstemminga i episode 9. Måndag kveld fekk TV-sjåarane sjå osingen kjempa mot Marius Wågan Skålevik om vidare eksistens i reality-konkurransen.
- Det var ein veldig spesiell situsjon. For å unngå å måtta duellera mot ein av mine vener frå det tidlegare Lindesnes-laget, gjekk me for å få Marius nederst på avstemminga. Me lukkast taktisk, men det kom som eit sjokk på mange, fortel Skarstein.
I duellen mot Stavanger-guten var handla det om balanse, konsentrasjon og det å vera tolmodig.
- Me konkurrerte i såkalla kulelabyrint. Det var dritvanskeleg, og presset var verkeleg enormt. Eg trudde lenge eg km til å tapa, men heldigvis gav eg aldri opp og stakk dermed til slutt av med sigeren, fortel Gry.
Siger med bismak
Ho var sjølvsagt strålande nøgd med å få vera med vidare på turlivet og i konkurransen, men då sigeren var eit faktum, vart ho prega av stunden.
- Det var veldig spesielt. Marius er ein grepa kar, som eg eigentleg ikkje hadde lyst å ha ut, men som me vart nøydde til å stemma på for å sleppa at eg skulle møta Victoria (Birkeland) eller nokre av dei andre frå det gamle Lindesnes-laget.
- Det var første gong du var i duell i denne konkurransen. Fekk du mange kommentarar i dag?
- Det er mange som har vore spente og sagt at dei heier på meg. Eg håpar dei er glad eg klarte denne brasen, så får me sjå korleis det går vidare i konkurransen, seier Gry.