Fundamentet til Knutabrua klar
Torsdag morgon var fundamentet og søylene til Knutabrua i Osmarka på plass, og 25. oktober skal ein kunna gå tørrskodd over elva.
Dei siste månadene har det vore stor aktivitet langs Oselva der den nye hengjebrua skal byggjast.
Fleire einskildpersonar og verksemder frå Os har vore med og støtta bruprosjektet med pengegåver, materiale eller dugnadsarbeid.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Utan denne spleisegjengen, kunne me ikkje realisert bruprosjektet, slår primus motor, Peder Fløysand, fast.
I tillegg til fleire lokale verksemder, nemner han hovudsponsoren Knut Jarle Aspenes, Mons Tore Lyssand og Harald Døsen.
Sistnemnde har saman med andre friviljuge vore i full sving med motorsag og anna verkty for å fjerna tre og annan vegetasjon i skråningane ned mot elva på begge sider. Dei har også fjerna ein del tre eit stykke nedover langs elva, slik at brua vert synleg frå eit visst punkt på den nye skogsvegen på andre sida.
- Harald Døsen gjer også ein kjempeinnsats med å laga benkar som skal plasserast rundt om i området. Han har motorsag, traktor og tilhengjar, og har vore heilt uunnverleg for oss, fortel Fløysand.
Lange arbeidsdagar
Firmaet HMR Voss har hovudansvaret for stålleveransen og montering av brua - og dei reknar med at det vert lange arbeidsdagar fram mot 25. oktober.
- I går kveld heldt dei det gåande til det vart mørkt, og det vert nok ikkje den einaste kveldsvakta, smiler Fløysand.
Vossingane er innkvarterte i gjestehuset til Øyvind Tøsdal medan monteringsarbeidet pågår.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg får til og med sova i ei flott, rosemåla seng, seier ein av dei og gliser.
- Større enn me trudde
- Med ei total lengde på 50 meter, derav 41,5 meter i fritt spenn, og ei høgde på 14 meter frå elva og opp, er brua blitt ein del større og dyrare enn me i utgangspunktet trudde, fortel Fløysand.
- Kva er årsaka til dette?
- Me har hatt god kontroll, men under grave- og sprengingsarbeidet, viste det seg å vera litt vanskelegare grunnforhold enn me rekna med, seier han.
Dette har også ført til at dei treng litt ekstra midlar.
- Me oppmodar igjen verksemder, lag og organisasjonar i Os om å gje ein skjerv. Skulle me få for mykje, vil me nytta pengane til opparbeiding av nye stiar i området, seier Fløysand.
Gangbreidda på brua vert 90 cm, og får sjølvsagt rekkverk på kvar side.
Solide stag er bora fleire meter inn i fjellet på kvar side, og kraftige sementfundament er støypt. No skal dei solide kablane trekkast, før ein tek fatt på sjølve hengjebrua.