Medlem nummer 1000
På Os Turlag sitt medlemsmøte i går, vart medlem nummer 1000, Terje Kopperud, gjort stas på.
Kopperud meldte seg inn i turlaget i august, og på medlemsmøtet torsdag fekk han overrekt Os Turlag sin raude turvest og ein blomebukett.
Osingen Thomas Hatlem er medlem nummer 27.000 i Bergen og Hordaland Turlag, og skal òg få vest og blomar. Han kunne diverre ikkje delta på møtet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jorunn Nytræ i Os Turlag seier at det er til stor inspirasjon for turlagsentusiastane at så mange ønskjer å ta del i turane og arrangementa deira.
- Sjå berre på lommelyktturen i førre veke. Det var meir enn 200 som deltok, trass i dårleg vêr. Det er heilt fantastisk, seier ho.
Friluftslivets år
2015 er friluftslivets år, og Os Turlag har sett ein positiv trend på fleire av arrangementa sine.
- Det er auka interesse, spesielt frå barnefamiliar, opplyser Nytræ.
Os Turlag vart stifta i 1987. Éin av dei fire som stod bak etableringa, var Gudrun Heggland, som nyleg gjekk bort. Dette vart markert på medlemsmøtet med minneord frå Åse Berge.
Os Turlag har ifølgje Nytræ tilbod til folk i alle aldrar. Frå trillevognturar til Barnas Turlag og Dnt Fjellsport Os. Det finst òg ei trivselsgruppe som har dugnad i skog og mark kvar torsdag.
- Gruppa arbeider med å leggja til rette stiar og å rydda slik at folk som ferdast i skogen og i fjellet kan bruka den flotte naturen i Os litt enklare. Det er ikkje få timar som vert lagt ned både til merking av stiar og bygging av bruer, klopper, steinsetting og grøfting. Målet med arbeidet er å få fleire ut på tur, og i friluftsaktivitet.
Motiverande pris
Nyleg fekk Os Turlag Os kommune sin inspirasjonspris for 2011-2015. På medlemsmøtet torsdag fekk medlemene sjå biletet som Vidar Bratlund-Mæland har laga, samt brevet frå kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Inspirasjonsprisen gjev oss motivasjon til meir dugnadsarbeid, seier Nytræ.
Våren 2016 startar endå ei ny gruppe. Gruppa har fått namnet Friskus, og planen er at det skal arrangerast turar i gruppa annankvar tysdag.
- Dette er turar der ein går litt raskare og når dei høgaste toppane i Os. Turane er tekne med i turprogrammet vårt som kjem i desember, forklarer Nytræ.
I tillegg arrangerar Os Turlag ambassadørkurs 1. desember. Kurset gjev turleiarane deira det første og enklaste nivået i DNT si utdanning av turleiarer.
- Dei som ønskjer å delta, må ta kontakt, seier Nytræ.