Ikkje ein lyd var å høyra i då Patricia Langeland på ein høgst personleg måte fortalde om opplevingar frå ho var åtte år gamal jente i Chile og fram til ho fann sin plass i Os.
Ikkje ein lyd var å høyra i då Patricia Langeland på ein høgst personleg måte fortalde om opplevingar frå ho var åtte år gamal jente i Chile og fram til ho fann sin plass i Os.

Patricias sterke historie rørte senioruniversitetet

Ho sto åleine framme i Oseanasalen - roleg, smilande, berrføtt - og fortalde om livet sitt. Om eit liv som flyktning. Om hendingar fjernt frå røynda til dei 180 frammøtte i Senioruniversitetet i Os. Om å gå frå å vera "svigerdotter til lensmannen" via "kona til Vidar" fram til å finna sin eigen plass i samheldet vårt.

Ikkje ein lyd var å høyra i då Patricia Langeland på ein høgst personleg måte fortalde om opplevingar frå ho var åtte år gamal jente i Chile og fram til ho fann sin plass i Os. Og sjeldan har applausen etter eit foredrag vart så lenge!

Dagen då alt endra seg

Patricia tok oss med, som ho sa, på ei reise som starta som 8-åring i Chile. Ho hugsa tydeleg dagen då alt endra seg. Skuledagen 11. september 1973 starta som vanleg med avskil med faren i skuleporten, møte med klassekameratar og forventing til å skulle leggja fram oppgåva si om kva ho ville bli som vaksen - danserinne. Ho fekk aldri høve til denne framføringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midt på dagen høyrdest sterke og skremmande lyder, nonnene sprang oppskjørta rundt og fekk etter kvart dei 400 elevane på heimveg. Mange sprang. Patricia sjølv vart skjelvande distrahert av ein mann - "i ei skinande kvit skjorte" som sprang framfor henne med hendene i været.

Ein raud flekk trengde seg fram bakpå skjorta, flekken vaks, og så seigna mannen rett framfor henne. Dagen og opplevinga forandra livet til åtteåringen for alltid - og det forandra landet hennar. Chile var blitt eit diktatur.

Ekkelt, sleipt og grufullt

Eit diktatur, sa Patricia, er eit ekkelt, sleipt, grufullt system der alle er redde og ingen veit kven ein kan lita på. Systemet tek vekk alt av bøker, film, informasjon, kultur. Det verste er kanskje at menneska etter kvart sig inn i ei "boble" av likesæle - dei blir vane til ikkje å sjå, høyra, reagera eller å spørja om noko. Sjølv voks ho opp med mange spørsmål om tilhøva, men fann ingen som kunne eller ville svara.

Anders Bjørkelo, Peder Fløysand, Olav Søfteland, Borghild Borgen, Åsbjørg Jonassen, Tone Brodal Mongstad og Bjørn Solheim.
Anders Bjørkelo, Peder Fløysand, Olav Søfteland, Borghild Borgen, Åsbjørg Jonassen, Tone Brodal Mongstad og Bjørn Solheim.

17 år gamal starta Patricia, etter mora sitt ønske, på universitetet. Her oppdaga ho ei "underverd" med folk som hadde dei same spørsmåla som ho sjølve, ein fellesskap ho sjølv ville vera ein del av. Og då ho i 1982 kom til Santiago for endeleg å få studera drama og dans, så engasjerte ho seg i motstandsrørsla i landet, samstundes med fulltids studium og to jobbar for å tena nok til å bu og studera!

Arrestasjonar og tortur

På åttitalet var ho ikkje aleine om motstand mot regimet. Folk tok til å vakna, og det vart aukande vilje til motstand. Men motstanden kosta. Den kosta og for Patricia. Fire gonger vart ho arrestert og torturert. Ho vart slept fri att, men visste at styresmaktene visste for mykje om henne til at ho kunne vera trygg.

Ho fortalde om ei spesiell hending der ho ein dag sat i ein park og kosa seg med is. Ho såg på ein familie der borna leika og kosa seg, faren kjøpte ballongar til dei, og dei fryda seg. Patricia såg på faren, han på henne, dei nikka til kvarandre, men ho kunne ikkje heilt hugsa kvar ho kjende han frå. Han nikka nok ein gong til Patricia då familien gjekk frå parken. DÅ hugsa Patricia kor ho hadde han frå: Han var torturisten som nokre veker før hadde rive ut ei tann hos henne!

Korleis kunne han samstundes vera torturist og snill far?

- Eg vart ikkje sint, fortalde Patricia.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men eg syntest synd på borna hans!

Vart gravid

Det var godt for henne då ho fekk seg kjærast, ein lege som tok vare på henne, gav henne mot og sa at det ho gjorde, var viktig. Han hjelpte dei fattige i Santiago. Dei var begge optimistiske. Men då Patricia vart gravid, skjøna dei at dei måtte vekk. Styresmaktane visste for mykje om dei.

Utreise sto for døra, men først rekte Patricia å fullføra dei siste tre månadene av studiet. Reisa til England var to veker unna då Patricia ein dag vakna med feber, men og med sterk angst og uro i kroppen. Ho måtte på skulen for å ta eksamen, men hadde ei dårleg kjensle av å lata kjærasten att heime. Den dagen tok politiet han, torturerte han og sleppte han ned frå ein bil. Ein mann fekk han heim. Patricia heldt han i handa og han gav henne ei siste helsing til henne før han døydde: Alt kjem til å ordna seg!.

Hennar reaksjon var først og fremst sinne over drapet, sinne over at draumar og framtid var tekne frå henne og dei!

Livreddande oppringing

Seks månader seinare kom sonen Sebastian til verda, og Patricia fortalde om morsglede og om livsglede som kom attende. Men situasjonen var framleis trugande for henne, ho visste at ho var forfølgd og telefonen avlytta. Via kyrkja søkte ho om asyl i Canada og i Australia. Men ho fekk avslag.

- Det er sterkt å seia, fortalde ho.

- Men då gav eg opp!

Då Sebastian var eitt år, kom det med eitt ei telefonoppringing, ei oppringing som Patricia hevda redda livet hennar. Det var frå den norske ambassaden i landet, dei ønskte å hjelpa henne og sonen. Den halvtime lange reisa til ambassaden kjendest utruleg lang, i redsla for å bli fakka. Men ho og Sebastian kom fram, og fekk ei sterk oppleving av å bli sett og kunna vera trygge. I dagane fram til dei kunne setja seg på flyet med handbagasje med litt klede og nokre bilete fekk dei skjulestad hos vener som med stor risiko for eige liv, gøymde dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vart møtt med smil

Reaksjonen kom for Patricia då ho endeleg sat på flyet. Då kom gråten. Ho græt for faren som døydde ti år tidlegare, for familien, for venar, for landet sitt. Trøysta var at ho hadde med seg Sebastian. Og 5. oktober 1988 steig dei begge av flyet i Oslo.

Dei ble godt tekne i mot. Ho var glad for å sleppa asylmottak, dei vart køyrde til Brandbu til ein stad heilt ulik storbyen Santiago. Her fekk dei eit hybelhusvære. Ho ville eigentleg heim, men visste at ho måtte klara eit nytt tilvære i Noreg.

- Og eg var heldig, eg fekk smil, folk var velviljuge.

Men ho fortalde og om blikka ho kunne få frå folk, at opplevinga av desse framleis sit i henne og at ho og iblant no kan merka blikk frå folk.

Patricia trefte sin Vidar Langeland. Dei gifta seg. Dei flytta til Os. Ho måtte nok ein gong starta på nytt.

Har funne sin plass

I Os har Patricia etter kvart funne sin plass. Mange er dei som har lært å bli glad i henne, ho er ei gåve til bygda vår! Ikkje minst har ho hatt mykje å seia som drama- og danselærar for tallause born og unge gjennom åra frå ho kom hit.

Likevel sa ho det slik sjølv: Så lenge eg lever, er eg ein flyktning frå Chile! Ein heldig ein!

Og etter ein spørjerunde lét ho oss få med følgjande oppmoding i den noverande situasjonen med nye flyktningar som kjem til bygda: Det skal så lite til for at dei skal oppleva seg velkomne! Gje eit smil, ein klem, ein samtale. Å møta gode og venlege haldningar - det HJELPER!

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre menneske har ei eiga utstråling. Patricia er eit slik menneske. Ho set spor hos dei som møter henne. Ho sette òg spor hos deltakarane i Senioruniversitetet!

Årsmøte

Etter foredraget var det årsmøte i senioruniversitetet.

Årsmelding og rekneskap fortalde om gode foredrag, aukande deltaking og god økonomi.

I styret vart det berre eitt nytt medlem: Borghild Borgen. Resten av styremedlemmene tok enten attval eller er midt i valperioden.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet