Riksteatret har fleire framsyningar i Oseana i haust. Den første er operakomedien «Viva la mamma» med mellom andre Espen Langvik (t. v.), Eli Kristin Hansveen og Per Andreas Tønder frå Den Norske Opera & Ballett.
Riksteatret har fleire framsyningar i Oseana i haust. Den første er operakomedien «Viva la mamma» med mellom andre Espen Langvik (t. v.), Eli Kristin Hansveen og Per Andreas Tønder frå Den Norske Opera & Ballett.

Variert frå Riksteatret

Riksteatret har fleire framsyningar i Oseana i haust. Først ut er operakomedien «Viva la mamma».

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- «Viva la mamma» er opera for alle, skriv Riksteatret om framsyninga som vitjar Os førstkomande måndag.

På scena står mellom andre Eli Kristin Hansveen og Espen Langvik frå Den Norske Opera & Ballett, og skodespelaren Sigve Bø. Førstnemnde er kjent frå «Stjernekamp» på NRK.

Maktkamp og forviklingar er nokre av indrediensane i operaen, som byd på musikk av Gaetano Donzietti og andre kjente operaklassikarar.

- «Viva la mamma» er ein opera om nokon som skal setja opp ein opera. Det er ein komedie med arier, like mykje som det er ein opera med vitsar, forklarer Knut Nærum i ei pressemelding.

Saman med Agnes Randers-Pehrson og regissør Ivar Tindberg har han bearbeidd Donziettis verk frå 1800-talet, og flytta handlinga til Noreg anno 2015.

Allemannseige

«Viva la mamma» er langt frå den einaste Riksteatret-framsyninga i Oseana i haust. I slutten av september dukkar mellom andre Henrik Mestad, Iren Reppen, Anne Ryg og Per Christian Ellefsen opp med Ibsen-framsyninga «Samfunnets støtter».

Deretter står Helge Jordals «Førstereis» for tur i oktober, før Riksteatret-hausten i Oseana vert avslutta med det klassiske barneeventyret «Pinocchio».

Artikkelen held fram under annonsen.

Nyslegen teatersjef ved Riksteatret, Tom Revlov, har uttalt at han ynskjer å gjera scenekunst til allemannseige.

- Det tyder at vi må fortelja historiar som einar oss, historiar som alle kan oppfatta som sine eigne, seier Remlov, som tidlegare har vore teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen, i ei pressemelding.