Bård Alfstad er dagleg leiar for Osbadet.
Bård Alfstad er dagleg leiar for Osbadet.

Denne osingen håpar på regn i sommar

Ikkje alle sutrar over at sola har glimra med sitt fråvær i vår. - Regnet må gjerne halda fram for min del, seier Bård Alfstad.

Alfstad er dagleg leiar for Osbadet. Medan 63.500 kjøpte billettar til Osbadet i 2013, landa talet på 58.000 i 2014, altså 5.500 færre. Årsak? For mykje sol og fint vêr.

- Sjølv om me mista litt billettinntekter i fjor, landa me rimeleg greitt. 2014 var eit ganske spesielt år for Osbadet, seier Alfstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Året med dei mange rekordane

I januar og februar 2014 hadde dei besøksrekordar. I mai, juni, august same året, hadde dei også rekordar - men då med negativt forteikn. Til saman tapte Osbadet 600.000 kroner i billettinntekter.

- Våren og sommaren 2014 var det uvanleg fint vêr. Det var nok det som gjorde utslaget, seier Alfstad.

Desto meir er sjefen for Osbadet glad for at vêret så langt i år har vore lite å skryta av.

2014 var eit godt år for Osbadet, men litt mykje sol skapte trøbbel. Her frå ein svømmestafett mellom barneskulane. (Arkiv
2014 var eit godt år for Osbadet, men litt mykje sol skapte trøbbel. Her frå ein svømmestafett mellom barneskulane. (Arkiv

- Så langt i 2015 ser det bra ut. Mai og juni hadde me veldig godt besøkstal. Så har me dette vêret gjennom heile sommaren, kan det bli skikkeleg bra!

- Du må vel vera den einaste osingen som går og håpar på regn?

- Hehe, ja. Men då tenkjer eg på Osbadet, ikkje på hytteturen eg skal på til helga...

Aldri ein kjedeleg dag

For Alfstad var 2014 det første året han står på toppen av det kommunale føretaket på Kuventræ. Han oppsummerer det som eit svært positivt år.

- Det har vore mykje å gjera, og mykje å setja seg inn i. Men arbeidsoppgåvene har berre vore hyggelege. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Døme på nye ting han har igangsett er Osbadet-maskoten og Swimtag - eit armband som måler kor langt du har svømt. Rehabiliteringa av badstova, kallar han for "småtteri". Men mange set nok pris på oppgraderinga.

- I tillegg har eg vore med på Os kommune sitt prosjekt med idrettsparken. Der reknar eg med at me er ferdige i midten av juli, seier han.