Os kommune tente 12 mill. kroner på børsen i fjor.
Os kommune tente 12 mill. kroner på børsen i fjor.

Tente 12 mill. på børsen i fjor

Os kommune si aksjeportefølje vaks med 12 millionar kroner i fjor, noko som utgjer 5,5 prosent vekst.

Tala kjem fram i finansrapporten frå 2015 utarbeidd av kommunens fondsforvaltar, Grieg Investor.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjoråret var eit greitt år for dei kommunale fonda, med ein avkastning på samanlagt 12,1 mill. kroner. Porteføljen er no på 189 mill. kroner. Men avkastninga ligg eit stykke under dei beste åra kommunen har hatt på børsen:

Greidde ikkje matcha marknaden

Mest tente kommunen på aksjefond. Ca. 9,3 mill. kroner eller 10.9 prosent avkastning. Men referanseindeksen var på 14 prosent. Det tyder at fondsforvaltaren ikkje greidde å matcha utviklinga i marknaden. Forvaltaren forklarer det med ei ein vesentleg skilnad på norske og utanlandske aksjar i kommunens portefølje. Innan norske aksjar slo nemleg Grieg Investor referanseindeksen. Dei oppnådde 6,74 prosent, mot ein referanse på 5,94 prosent.

Valutasikring gav lågare avkastning

- Os kommune sin avkastning var 12,91 prosent i utanlandske aksjar, noko som er lågare enn referanseindeksen på 17,48. Denne differansen skuldast at ein del av porteføljen (14,4 mill. kroner) er valutasikra.

Det vil seia at fondet er beskytta mot dei største valutasvingingane, noko som slår dårleg ut når det er kronekursen som går nedover. Den har som kjent vore i nedoverbakke mellom anna pga. fallande oljepris.

 

Innan Både obligasjonsfond og pengemarknadsfond gjorde Grieg Investor det sterkare enn marknaden, medan obligasjonsfonda låg noko under referansen. Elles er lånegjelda stadig veksande, og talde per 1. januar i år 1,55 mrd. kroner.

Tapt 4 mill. i 2016

2016 har så langt ikkje vore nokon stor suksess. Medan den samanlagde porteføljen ved årsskiftet var på 189 mill. kroner, har han i løpet av ein månad krympa med 4,2 mill. kroner til 184,8 mill. kroner.