Utbygging på Hjelle: - Må ta omsyn
Grunneigar Øyvind Hjelle er svært skeptisk til utbyggingsplanane på Hjelle.
Bjørn Døsen Utvikling og Tysseland Arkitektur ynskjer å byggja 34 husvære fordelt på seks lågblokker (punkthus) på ei tomt i Hjellevegen ved foten av Borgafjellet.
- Me har sett at punkthus passar godt på denne tomta. Husværa blir på mellom 55 og 75 m2 i storleik, og vil passa godt for unge i etableringsfasen, sa arkitekt Patrick Telzerow til Plan- og bygningsutvalet då dei handsama sak fyrste gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utvalet utsette saka og skal på synfaring før neste møte. Grunneigar på Hjelle, Øyvind Hjelle, bed no politikarane ha i tankane Fylkesmannen sine innspel til den gjeldande reguleringsplanen frå 1991.
- Fylkesmannen gjorde det den gongen klart at det må takast særleg omsyn til det gamle tunet som ligg i og like utanfor planområdet, seier Hjelle.
Verneverdig?
Bygga det er snakk om er eit eldre hus, bygd på 1880-talet (ein av dei føreslåtte nye lågblokkene er teikna inn der dette huset står i dag), og ei lemstove, som ligg utanfor planområdet.
- Då reguleringsplanen vart vedteken i 1991, bad Fylkesmannen også om at det vart teke særleg omsyn til eit tun 200 meter sør for planområdet det no er snakk om. Den gongen vart dette innspelet teke omsyn til, og sju tomter og ein føreslått veg inn i byggjefeltet vart tekne ut av reguleringsplanen. Me vil oppmoda politikarane til å ta omsyn også i denne runden, seier Hjelle.
Han meiner planområdet slik det no framstår, ikkje "toler" meir enn tre einebustader/tomannsbustader, dersom tunet og området skal takast i vare på ein god måte, og for at ikkje utnyttingsgraden skal bli for høg.
Uro over utnyttingsgrad
Utnyttingsgraden (kor stor del av tomta det vil bli hus på) i Bjørn Døsen Utvikling og Tysseland Arkitektur sitt forslag, er på 65 prosent. Planavdelinga meiner dette er for tett. I saksopplysningane frå administrasjonen står det at "Utbyggingsmønsteret bryt med byggeskikken i området og prosjektet kan med fordel redusera dei enkelte voluma til mindre bygningskroppar". Den mindre utnyttingsgraden ville gje rom for mellom 15 og 20 bueiningar.
Øyvind Hjelle, som i lag med Ingrid Netland har hatt underskriftskampanje mellom naboane, deler administrasjonen si bekymring.
- Sjølv om ein skulle unngå å byggja lågblokk akkurat der det gamle huset står i dag, vil ei for tett utbygging i resten av planområdet ikkje i tilstrekkeleg grad ta omsyn til tunet med lemstova, meiner Hjelle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utnyttinga elles på Hjelle er på ca 40 prosent, ifølgje sakshandsamar i kommunen Henning Wenaas Ribe.
- Når det gjeld dei eldre bygningane Øyvind Hjelle viser til, har eg i utgreiinga vektlagt at desse bør takast omsyn til i det vidare planarbeidet, seier Wenaas Ribe til Os & Fusaposten.