Terje Søviknes dukkar ikkje opp på Os gymnas måndag.
Terje Søviknes dukkar ikkje opp på Os gymnas måndag.

Søviknes stiller ikkje på skuledebatt

Dei som ville at ordføraren ikkje stiller på skuledebatten på Os gymnas får viljen sin. Men ifølgje ordføraren har valet ingenting med presset å gjera.

Etter at Jon Sivert Rykkel i onsdagsavisa gjekk ut og sa at ordførar Terje Søviknes ikkje bør vera den som representerer Frp i paneldebatten på Os gymnas måndag, har fleire gjeve han si støtte. Elevinspektør Ann Haugland ved Os vidaregåande skule er ein av dei som deler Rykkel sitt syn.

- Det skal vera ungdomspolitikarar som stiller i ein slik debatt. Søviknes er ein svært dyktig politikar, men det vert urettferdig i forhold til dei andre partia om det vert han som representerer Frp, seier Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to debattleiarane ved Os gymnas, tredjeklassingane Hillevi Brita Høyem og Kristi Sandvik Pedersen, seier det same.

- Eg hadde i alle fall vore ganske skjelven om eg hadde møtt ein så erfaren politikar til debatt, seier Kristi.

Prinsipielt ueinig

Fredag vart det klart at Frp istaden stiller med ein representant frå FpU, Christoffer Thomsen.

- FpU har denne gongen kapasitet til å dekkja opp alle debattane i fylket. Vanlegvis har eg teke skuledebatten på Os, men denne gongen viser det seg at det ikkje er behov for det, seier Søviknes.

- Så dette har ikkje noko å gjera med tilbakemeldingane du har fått om ikkje å stilla?

- Nei. Men reint prinsipielt er eg ueinig i at andre parti skal leggja seg opp i kven ein sender i debattar. Heller ikkje arrangøren bør leggja seg opp i det, om ikkje ein vel å gå ut med spesifikk invitasjon til einskild politikarar. Og her er det partia som sådan som er inviterte. Og det må jo vera eit poeng at ungdommen får høyra politikarar som dei faktisk skal røysta på i staden for eksterne politikarar som ikkje kjenner lokale forhold, seier Søviknes.

Han peikar og på at Jon Sivert Rykkel sjølv heller ikkje er frå ungdomsorganisasjonen Unge Venstre, men frå moderpartiet. Kvar skal grensa gå? Er det utelukkande alder? Eller erfaring og fartstid i politikken?, spør Søviknes retorisk.

- Uansett tar eg det heile med eit smil. Eg kan ikkje heilt fri meg for at Rykkel hadde heilt andre hensikter med sitt utspel enn det prinsipielle, avsluttar Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rykkel avviser påstand

Jon Sivert Rykkel er nøgd med at Søviknes ikkje stiller, men avviser påstanden frå ordføraren om at han ikkje representerer Unge Venstre.

- Dette er direkte feil. Eg er utsending frå Hordaland Unge Venstre der eg er medlem, konstaterer Rykkel.