Full evakuering av Handlegårdenbygget
Røyk og lukt førte til full evakuering av Håndlegårdenbygget fredag morgon.
Det var tettpakka med folk i Brugata like før klokka 09.00 fredag morgon. Brannalarmen hadde gått og dei mange som jobbar, trenar, eller bur i bygget måtte ta seg ut på gata og nyta morgonkaffien der.
– Det er ikkje øving. Her er det andre grunnar til at alarmen har gått, sa ei kvinne i oransje vest.
Artikkelen held fram under annonsen.
Røyk og lukt
Ei annan kvinne konstaterte at det hadde vore svidd lukt og tilløp til røyk i gangen.
– Det er kanskje ikkje noko alvorleg. Mest truleg noko i sambane med arbeidet som pågår her, men likevel er det vel bra at me vert evakuerte for sikkerheits skuld, sa kvinna som jobba på tanlegekontoret i bygget.
Og ganske så rett. Brannsjef Stein Gjøsund fortel:
– Det var arbeid med betongblanding som sytte for at den automatiske brannalarmen vart utløyst. Våre folk har no tilbakestilt alarmen og alt er i orden, forsikrer Gjøsund.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no