Årets julekalender - luke 13
I årets julekalender i Os og Fusaposten inviterer me lesarane våre til å bruka lokalkunnskapane sine.
Vinnar av gårsdagens runde var: Kjell Erik Sælen. Gratulerer! Premien kan hentast i lokala våre, i Øyro 31, eller me kan ordna sending. Berre send ein e-post om kva som høver best:)
Svaret på spørsmålet var:
Artikkelen held fram under annonsen.
Tveitavatnet i Hegglandsdalen.
Kvar adventsdag vil me leggja ut eitt bilete av ein plass i Os eller Fusa. Til kvart av bileta vil det høyra med eitt eller fleire spørsmål. Dei som svarar rett på spørsmåla er med i trekninga av eit Flax-lodd og ei is-skrape med Os og Fusaposten-logo.
I romjula vil me trekkja ut ein vinnar blant alle dagsvinnarane som får ei stor romjulskorg med mat og mykje godis.
Dagens spørsmål er: Her har mange fusingar og osingar lagt igjen mange minutt, klarer du å gjetta kvar det er?
Send svaret til post@osogfusa.no innan klokka 24.00.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no