16. juni inviterte Ivar Hellebø og Fusa næringslivslag til vegmøte om E134. (Arkivfoto)
16. juni inviterte Ivar Hellebø og Fusa næringslivslag til vegmøte om E134. (Arkivfoto)

Gode E134-nyhende for Fusa næringslivslag

Fusa næringslivslag vonar regjeringa skal velja E134 som éin av hovudtraseane mellom Aust- og Vestlandet. No "hellar" det mot ei slik løysing.

Samtlege parti på Stortinget drøfta måndag kveld ny hovedveg mellom vest og aust, saman med samferdselsministeren, Statens vegvesen og Vegdirektoratet.

- Vegvesenet var tydeleg på at E134, uten tvil, er det alternativet som er mest samfunnsøkonomisk. Gode nyhende for oss i Rogaland, sier Roy Steffensen (Frp) tilNRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette vegvalet vil gjera det mogleg å køyra dei 380 km frå Oslo til Bergen på 3 timar og 30 minutt. Frå Stavanger til Oslo vil det anslagsvis ta 3 timar og 55 minutt å køyra dei 422 km.

NRK viser til ei sak iAftenbladet(krev innlogging) som skriv at stortingsgruppene til Høgre og Frp etter ein open runde samla seg i eit lukka møte med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Aftenbladet går langt i å slå fast at E134 blir valt som ein av to hovudtrasear i tråd med tilrådingane i utgreiinga.

Fusa Næringslivslag inviterte i juni i år tilmøte om E134 og Hordalandsdiagonalen der dei gjorde det heilt klart at dei vonar at regjeringa skal velja E134 som éin av hovudtraseane mellom Aust- og Vestlandet.

- Alternativet har ein veldig god kost-nytte-effekt for samfunnet, understreka Rune Samnøy, medlem av vegnemnda i næringslivslaget.