Knuste ølglass i fjeset på mann
Ein mann i 30-åra er meldt for valdsepisoden som fann stad på Solstrand Hotel og Bad i natt.
Hendinga fann stad klokka halv eitt i natt på Solstrand Hotel og Bad.
- Ein mann i 30-åra blit meldt for å ha forårsaka kroppsskade etter at han knuste eit ølglass i fjeset på ein annan mann, melder politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den fornærma vart berre lettare skadd av valdsepisoden.
Det skal ha oppstått ei usemje mellom dei to mennene i forkant av hendinga. Båe var på hotellet då politiet kom til staden, og den eine vart frakta til legevakten i Os. Det melder Bt.no.