Os jenter 16 klarte brasane mot Fana og Fyllingen og er dermed klare for Bringserie utover vinteren og våren 2017 (Privat foto)
Os jenter 16 klarte brasane mot Fana og Fyllingen og er dermed klare for Bringserie utover vinteren og våren 2017 (Privat foto)

Os jenter 16 klare for Bring-serien

Med kvaliks-siger over Fana og Fyllingen er Os jenter 16 klare for vinterens Bring-serie.

Bring-serien er Norges Håndballforbund sin nasjonale serie for aldersbestemte lag. For Os jenter 16 starter det heile siste helga i januar 2017. Deretter vert det tre rundar med puljespel før det eventuelt blir snakk om sluttspel i Fredrikstad helga 28.-30. april.

Tøffe kampar på Sotra

Os-jentene måtte gjennom ein tøff kvalik i Sotra Arena i helga som var. Jentene starta med å tapa for Gneist, men reiste seg meisterleg alt i neste kamp.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fana mobiliserte mot oss, men etter uavgjort til pause drog me godt i frå etter kvilen. Til slutt vann me med sju-åtte mål, fortel trenar Trond Budal.

I år har han ansvaret for Os jenter 16, som er eit samarbeidslag med Nore Neset IL, i lag med Kristan Sande og Fredrik Andresen.

- I den siste kampen på søndag møtte me Fyllingen. Dei slo Gneist, som me tapte for, med ti mål, så me var litt spente. Men på søndag var det full klaff. Laget spelte ein fantastisk god kamp og vann 21-20, fortel Budal.

Han ønskjer ikkje fokusera på enkeltpersonar, men seier det er vanskeleg å koma utanom Amalie Evensen.

- Ho var svært god. Spesielt i kampen mot Fyllingen.

Søkjer om Bring-helg

Per dags dato er det framleis ikkje klart kven Os-laget kjem i gruppe med i Bring-serien. Litt reiser vert det nok, men kanskje kan dei sleppa unna med tre turar.

- Alle laga som er med kan søkja om å få arrangera ein av rundane i eiga arena. Det tenkjer eg me bør gjera. Det er ikkje sikkert me vinn gjennom, men får no gje det eit forsøk, avsluttar trenaren.