Direktør i Rikskonsertane Turid Birkeland og kultursjef i Os, Lisbeth Axelsen, kunne smila breitt etter at avtalen var signert.
Direktør i Rikskonsertane Turid Birkeland og kultursjef i Os, Lisbeth Axelsen, kunne smila breitt etter at avtalen var signert.

Os er med på å skapa historie

Kultursjef i Os, Lisbeth Axelsen, skreiv i dag kulturpolitisk historie. Ho signerte i føremiddag avtalen som gjer Os til ein del av skulekonsertordninga, og for første gong i historia har Noreg 100 prosent dekning av skulekonsertar.

Rikskonsertane har stått for skulekonsertar over heile landet i 50 år. Først no har Os blitt ein del av skulekonsertordninga, som den siste kommunen i Noreg.

- Dette er ein historisk dag, seier direktør i Rikskonsertane, Turid Birkeland, og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Endeleg kan me fullt og heilt seia at skulekonsertane dekkjer heile landet.

Ho legg til at dette er noko dei har fått til takke alt det gode arbeidet Oseana, og direktør Ole Tobias Lindeberg, gjer for barn og unge.

- Saman med Oseana skal me "programmera skulekonsertar", som er ein spennande modell for samarbeid også på andre kulturhus i landet.

Sara og Natalie er først ute med skulekonsertar i Oseana i November
Sara og Natalie er først ute med skulekonsertar i Oseana i November

Fann dei naudsynte midlane

Axelsen har aldri heilt forstått kvifor Os ikkje har vore ein del av dette tidlegare, men no vil ho fokusera på det positive og sjå framover.

- Born og unge i Os vil oppleva eit breidare og meir mangfaldig tilbod, som også er del av eit større apparat og ein større heilskap, seier ho.

På administrativt og politisk nivå i Os var dei no einige i at det var på tide å slutta seg til ordninga.

- Saman fant me dei naudsynte midlane, seier ho.

No ser ho fram til den første skulekonserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I samarbeid med Oseana kulturhus vil dei aller første skulekonsertane skje i Os´ eiga storstue. Det vert ei fin ramme for konsertane, utøvarane og ikkje minst for alle elevane.

Dei første skulekonsertane skjer alt i november i år. Då får elevar på 1. til 5. trinn møta den klassiske duoen Sara og Natalie.

To konsertar i året

- Kva kjem dette samarbeidet til å gje elevar i Os?

- I vår tid er det tilgang på musikk i alle kanaler, men det er ikkje alle forunt å få møta levande musikk. Dette vert tilgjengeleg for alle born uansett kvar dei kjem fra og kva bakgrunn dei har. Dei vert introduserte for det mangfaldet som finst av musikk, og gjerne musikk dei ikkje ville blitt introdusert for andre stader, seier Birkeland.

Ho legg til at alle elevar i grunnskulen får to konsertar i året, anten på skulen eller i Oseana.

Rikskonserten, fylkeskommunen og Oseana er no i gang med planlegginga for neste sesong.