Forhandlingsutvala har bestått av politikarar, administrasjon og tillitsvalde i dei tre kommunane. Nærast kamera er ordførar Kåre Martin Kleppe og ordførar Terje Søviknes.
Forhandlingsutvala har bestått av politikarar, administrasjon og tillitsvalde i dei tre kommunane. Nærast kamera er ordførar Kåre Martin Kleppe og ordførar Terje Søviknes.

Slik blir Bjørnefjorden kommune

Forhandlingsutvala har no lagt fram ein intensjonsavtale for samanslåing av Tysnes, Fusa og Os. Les hovudtrekka i avtalen som vart offentleggjort i dag tidleg.

I går ettermiddag sat forhandlarar på vegner av Os, Fusa og Tysnes i lag for å ferdigstilla intensjonsavtalen som dei tre kommunestyra får til førebels behandling 18. mai.

Den nye storkommunen vil få 26.400 innbyggjarar (basert på dagens tal, så det reelle talet vil bli høgare), og få ein utstrekning på 773 kvadratkilometer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Namnet og kommunesenteret

Det er ikkje noko krav at kommunane sitt endelege vedtak innan 1. juli tek stilling til korkje namn på nye kommunen, tal på representantar i den nye kommunestyret eller anna. Det einaste ein må vedta er OM og MED KVEN ein ønskjer å slå seg saman. Likevel er ei rekkje av desse temaa tekne opp i det 10 sider lange dokumentet som no ligg føre.

Den første føresetnaden handlar om kommunenamnet. «Bjørnefjorden kommune» vert brukt som arbeidsnamn fram til eventuell samanslåing og etablering av ny kommune 1. januar 2020.

Ikkje overraskande vert kommunesenteret i den nye kommunen Osøyro, medan Eikelandsosen og Våge/Uggdal vert kommunedelsenter/lokalsentra.

Varaordførar i Fusa, Magne Djuvik, Ordførar Atle Kvåle, og rådmann Berit Fløisand.
Varaordførar i Fusa, Magne Djuvik, Ordførar Atle Kvåle, og rådmann Berit Fløisand.

Den nye kommunen må også få nytt kommunevåpen og visuell profil. "Saman for vekst og utvikling" er slagordet/visjonen fram til den nye kommunen vert etablert.

Fekk sikra dei tilsette

Fagrørsla har fått fullt gjennomslag for sine krav på vegner av dei tilsette:

1. Ingen tilsette skal seiast opp som følgje av samanslåinga

2. Endring av arbeidsoppgåver skal skje etter medverknad frå tillitsvalde

3. Tilsette skal ikkje få reduksjon i løna som følgje av samanslåinga

Artikkelen held fram under annonsen.

4. Det er eit mål at eventuell seinare bemanningsreduksjon som følgje av andre årsaker (t.d. økonomi) skal skje gjennom naturleg avgang.

Eigedomsskatt og innsparing

Som «Os og Fusaposten» skreiv i slutten av april, er det eit mål for den nye kommunen at det ikkje skal vera eigedomsskatt. Dette skaper utfordringar for dei to kommunane som i dag har dette (Fusa og Tysnes), om enn på ulike nivå. Intensjonsavtalen nøyer seg med å seia at det "må etablerast overgangsreglar for dette".

Vidare skal vedtekne investeringsprosjekt blir vidareført i den nye kommunen.

Av andre økonomiske føresetnader heiter det at samanslåinga kan gje effektiviseringsgevinstar - mellom anna som følgje av felles politisk og administrativ leiing.

- Frigjorte midlar og ressursar skal fortrinnsvis nyttast til å styrkja tenestetilbodet i den nye kommunen, heiter det.

Tilskot frå staten

Det finst tre ulike alternativ for nye satsar frå staten, avhengig av kva val som vert fatta i juni.

1. Nullalternativet (der kommunane kvar for seg må rekna med mindre statsstøtte)

2. Samanslåingsvedtak før 1. juli i år vil gje den nye kommunen til saman 55 mill. kroner, pluss diverse andre tilskot som inndelingstilskot og regionsentertilskot .

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Dersom det vert samanslåingsvedtak (tvunge eller frivillig) etter 1. januar 2018 vil ikkje kommunen få dei 55 mill. kronene, og heller ikkje dei andre tilskota.

Politikk og tenester

Det nye kommunestyret skal ha 35 representantar etter samanslåing og nyval. Fram til dess skal det vera ei fellesnemn for Bjørnefjorden kommune beståande av representantar frå dei tre kommunane. Os får sju representantar her, medan Fusa og Tysnes saman får 4 kvar.

Dei største tenesteområda, oppvekst og kultur samt helse og omsorg vert stort sett uendra.

- Kommunesamanslåinga skal ikkje i seg sjølv føra til endringar i barnehage- og skulestruktur. Ungdomsskuletilbodet skal oppretthaldast ved Fusa ungdomsskule og Tysnes skule.

Dei tre fylkeskommunale vidaregåande skulane i kommunane skal det jobbast for å halda på.

Helsetenestene

For helsetenestene sitt vedkomande vert det sagt at dei skal plasserast med godt tilgjenge for innbyggjarane.

- Tenester som t.d. helsestasjonar og fastlegar skal oppretthaldast i Eikelandsosen, Uggdal og Osøyro. Kommunesamanslåinga skal i seg sjølv ikkje føra til endringar i legevakttilboda i Eikelandsosen, Uggdal og Osøyro.

Fusa bu- og behandlingssenter, Tysnes omsorgssenter og Luranetunet omsorgssenter skal dessutan vidareførast som basar for omsorgstenestene i Bjørnefjorden kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen vidare

18. mai: Intensjonsavtalen behandlast i dei tre kommunestyra.

19. mai til 3. juni: Folket får seia si meining gjennom meiningsmåling (evt. folkerøysting på Tysnes) og folkemøte 30. mai i Os (Kva dato dei andre kommunane skal ha sine folkemøte er ikkje offentleggjort).

16. juni: Behandling og vedtak av endeleg avtale om samanslåing i dei tre kommunestyra