- Julebrus er for så vidt eit juleprodukt, men kakemenn er meir eit haustprodukt, seier kjøpmann ved Rema 1000 Kuven, Trond Hope.
- Julebrus er for så vidt eit juleprodukt, men kakemenn er meir eit haustprodukt, seier kjøpmann ved Rema 1000 Kuven, Trond Hope.

No er det jul igjen

I daglegvarebutikkane startar jula alt i månadsskiftet september/oktober. Kjøpmann ved Rema 1000 Kuven, Trond Hope skulle helst venta til desember.

- Eg delar synet til dei som meiner at det hadde vore best om me starta å selja juleprodukt i desember. Det er nokre av desse produkta som uansett ikkje sel i særleg stor grad før desember. Når eg då brukar gode salsplassar på desse produkta, så tapar me på det, seier han.

Risikerar å tapa kundar

Men sjølv om han skulle ønske at det var mogleg å utsetja julevare-salet, så er det ikkje så enkelt. Produsentane ønskjer å selga produkta sine i meir enn ein månad, og kjøpmannen risikerar å tapa kundar, om han ikkje startar like tidleg med julevarane som dei andre butikkane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle Rema 1000-butikkane får inn desse varane samtidig. Om me hadde forskuva på datoen, er det langt frå sikkert at til dømes NorgesGruppen hadde gjort det samme. Då risikerar me å tapa desse kundane til konkurrentane. Det ønskjer me sjølvsagt ikkje, smiler Hope.

Kakemenn sel best om hausten

Tidleg sist veke kom kakemennen i hylla på Rema 1000. Kjøpmann Hope synest ikkje at det er for tidleg. Han meiner at kakemenn er eit haustprodukt.

- Kakemenn sel godt fram til eit par veker før jul. Då stopper det opp. Dei sel med andre ord best om hausten. Hadde eg fått dei inn tidlegare, så hadde me starta å selja dei då, smiler han.

Øygunn Øvreeide Hagen og Samira Engelstad seier at det er galskap, og for dumt at juleprodukt kjem så tidleg i butikkane.
Øygunn Øvreeide Hagen og Samira Engelstad seier at det er galskap, og for dumt at juleprodukt kjem så tidleg i butikkane.

Kort tid etter kakemenna, kom julebrusen.

- Det reknar du vel som eit juleprodukt?

- Det er for så vidt eit juleprodukt. Det har juleetikett. Men det er vel den same raudbrusen som seljast heile året, seier Hope.

Salet ekspolderer i desember

Enkelte kundar kjem med kommentarer, men det er ingen som klagar på at juleprodukta alt er i hyllene, i følgje Hope.

- Det er mange som seier at me startar salet tidlegare kvart år, men det er ein myte. Dei første varane kjem i månadsskifte september/oktober. Etter det kjem det gradvis meir og meir. Det er ikkje lenge til julemarsipanen er i hylla, seier Hope.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjøpmannen forklarer at salet på juleprodukta kjem til å auka på inn mot desember, før det eksploderer i julemånaden.

- Det er vanskeleg å seia kva me sel mest av før jula startar for alvor. For det er mange som prøvar både pinnekjøtt og ribbe før desember, og salet varierar deretter, men i desember går det mykje av alt, seier Hope.

- Det er galskap

Då me var innom Rema 1000 Kuven, møtte me på Øygunn Øvreeide Hagen og dottera Samira Engelstad som var på handletur i lag. Dei meiner det er galskap, og for dumt at julen kjem til daglegvarebutikkane alt i september.

- Det hadde vore mykje kjekkare om ein kunne gå å gleda seg til desember, men no er det fleire av julevarane som er tilgjengelege opptil tre månader før julaftan, seier Samira.

Forstår produsentane

Mor og dotter meiner tidleg jul i butikkane er ei bremse på julestemninga, men Øygunn kan forstå at det skjer, i alle fall om ein ser det frå produsentanes sida.

- Eg forstår at dei ønskjer å få selja produktet sitt i eit så stort tidsrom som mogleg. Nokre kan jo gjera det også. Til dømes har du juleskinke, som vert til påskeskine i påsken, og elles på året er det berre ei skinke. Det finst mange slike eksempler, seier ho.