Viste statsråden framtida
To verksemder som held til i Bjørnefjorden Gründerpark viste i ettermiddag fram dei framtidsretta oppfinningane sine for Jan Tore Sanner.
Tysdag ettermiddag kom kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Os og Bjørnefjorden Gründerpark. Han vart vart teken mot av ordførar Marie Bruarøy, rådmannen og næringstoppar i bygda.
– Me jobbar for å få opp talet arbeidsplassar i bygda, og etableringa av gründerparken er ein viktig del av den satsinga, sa Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Entusiame for ByggjemAppen
Oppfinnarane i Lean Konseptutvikling AS, brørne Jan Tore Grindheim og Ingvald Grindheim, står bak ByggemAppen som ifølgje reklamen forenklar husbyggings-prosessen. Appen let både utbyggjarar og framtidige huseigarar dokumentera kvart steg av byggjeprosessen, slik at færre feil finn stad. Dei meiner at denne nyvinninga kan spara både byggjebransjen, huseigar, forsikringsselskap m.fl. for store summar. Appen er alt lansert i Noreg, og skal dersom alt går bra, lanserast i utlandet snart.
Ministeren var svært entusiastisk etter å ha høyrt deira presentasjon. interesserte spørsmål til dei Os-busette bømlingane, og tipsa dei om å kopla seg på Direktoratet for byggkvalitet og nettverket Bygg21.
- Me held på å lansera E-byggjesøknad for nokre prøvekommunar. De passar godt inn i den tankegangen, på neste steg etter byggjesøknad-stadiet, sa Sanner.
Alge-produksjonsanlegg i Fusa?
Deretter var det Kent Jørgensen i MA Gruppen sin tur til å presentera nybrottsarbeidet med å laga industri av alger.
- Då me kom hit til Os og Fusa kommunar fekk me ei heilt anna mottaking enn i andre kommunar. Difor har me valt å etablera oss i Bjørnefjorden Gründerpark, og ser på moglegheiten for å etablera produksjonsanlegg i Fusa, sa Jørgensen.
Alger kan nyttast til å etablera ei rekkje produkt, bl.a. biodrivstoff og nedbrytbar bioplast og miljøvenleg kosmetikk.
– Det som er så fint er at algene nyttar som mat det som elles blir sett som eit problem. Avfallsstoff frå oppdrettsnæringa til dømes. Fusa er ein fantastisk plass i så måte, sa Jørgensen, og sikta til oppdrettsbransjen som er sterk her.
– Me er veldig keen på å få dette til å vår felles Os og Fusa kommune, sa Marie Bruarøy til statsråden, og lanserte også ideen om at ein kunne ha ei større kluster lokalt av ulike produksjonsanlegg knytt til algeproduksjon.