Tjuvfiske, slåsting og brannfare
Både politi og brannvesenet måtte rykka ut i løpet av kvelden og natta. Men tjuvfiskarane slapp unna.
I går klokka 22.30 fekk politiet melding om at nokre menn stod og fiska ulovleg i Oselva nedom tanngarden.
– Bilen deira var utenlandsk registrert. Politiet hadde dessverre ikkje kapasitet til å rykka ut akkurat då, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Urinerte på kafeveggane
Klokka 00.50 fekk politiet melding om ein vanskeleg kunde ved Kafé Engeline. Mannen urinerte på veggane, og var ufin mot vektaren. Politiet bortviste mannen klokka 0110, og han kom ikkje tilbake.
Branntilløp på Søfteland
Rundt klokka 2.30 måtte brannvesenet rykkja ut til Søfteland. Det gjaldt eit tidlegare bål som hadde blussa opp att, og innringjarane frykta at det kunne spreia seg. Brannvesenet fekk raskt kontroll og avslutta sitt arbeid klokka 3.
Slåsting ved Essoen
To personar som stod i matkøen på Esso-stasjonen begynte å slåst. Dei tilsette ved bensinstasjonen fekk tak i namna på båe, og kontakta politiet. Den eine var blodig i andletet, men det skal ikkje ha vore behov for legehjelp, opplyser politiet.
ol@osogfusa.no